Psykisk helse og rus

Kva tilbyr me

Psykisk helseteneste gir hjelp og støtte til personar som har ei psykisk liding eller dobbeltdiagnose innan psykisk helse og rus. Tilbodet heng saman med kor alvorleg din situasjon er og kva som skal til for å få det betre. Avdelinga består av psykiatrisk sjukepleiar og psykolog. 

Avdelinga gir òg tilbod til dei med lettare til moderate psykiske plager eller rusvanskar, og til dømes ved livskriser der det kan vere tilstrekkeleg med hjelp i ein kortare periode .

Oppfølginga kan vere :

- Personleg oppfølging og samtalar  

- Støtte til betring og meistring

- Samarbeid med fastlege og andre hjelpeinstansar

- Individuell plan og hjelp til å finna riktige tenester

- Rettleiing til pårørande

- Gruppetilbod

Kva kostar det

Tenesta er gratis.

Korleis få kontakt

Vi held til på kommunehuset i andre etasje.
Fastlegen eller skulehelsetenesta kan ta kontakt for deg.
Det er også mogleg å ta kontakt sjølv.

Du kan også ringe oss:

Fagleiar: 56 16 82 13

Barn og unge :

Vi oppmodar barn og unge til å ta kontakt via helsesjukepleiar eller fastlege.


Sist oppdatert: 09.06.2022
Publisert: 07.11.2018