Lege

Austrheim Legekontor

Legekontoret er lokalisert i Austrheim kommunehus

Kontoret er ope måndag til fredag kl. 08.30 til 15.00

Kontaktinformasjon

tlf. 56168200

kl. 09.00-12.00 og 13.00-14.00.
Merk: Torsdagar er telefontida frå kl. 09.30.

Akutt lege/ambulanse heile døgnet - tlf. 113

Nordhordland legevakt - tlf.116 117

Finne og byte fastlege

Trykk her for å gå til Helfo sine sider der du kan finne og byte fastlege

Du kan velje mellom legar som har ledig plass på lista si. Du kan også stå på venteliste til den fastlegen du ønskjer deg.

Dersom du ikkje ønskjer å hjelpe deg sjølv på nettsida til Helfo, kan du ringe dei på telefon 800 43 573. Ha fødselsnummeret ditt (11 siffer) klart før du ringjer.

Dei fortel deg om tilgjengelege fastlegar og set deg på lista til den fastlegen du ønskjer deg. Bytet gjeld frå den første dagen i månaden etter at du gjorde endringa. Du får eit brev som stadfester at du har fått ny fastlege.

 

Tenester

Austrheim legekontor er fastlegekontor i Austrheim kommune. Legekontoret har fellesliste, dvs. legen deler ansvaret for si liste med andre fastlegar ved det same kontoret. Du kan derfor komme til ein annan lege enn fastlegen du har ved legekontoret når du bestiller time.

Så langt råd er yter legekontoret hjelp til folk som oppheld seg mellombels i kommunen. Etter lova yter kontoret også øyeblikkeleg hjelp i samarbeid med Nordhordland Legevakt.

Kontoret er bemanna med tre faste kommunelegar og to turnuslegar, i tillegg til hjelpepersonell.

Jarle Gallefoss er fungerande kommuneoverlege. Han har også godkjenning som petroleumslege og sjømannslege.

Laila B. Husa er også tilsett som lege ved kontoret.

Våren 2022 startar det ein tredje lege ved kontoret.

Frå september 2022 startar det ein fjerde lege ved kontoret.

 

Peter Kubon, som er godkjend spesialist i samfunnsmedisin, og har godkjenning som petroleumslege, er i permisjon ut 2022.

 

Reseptbestilling pr. telefon

På grunn av stor arbeidsbelastning ved legekontoret tek me ikkje imot reseptbestilling på måndagar!


Sist oppdatert: 14.03.2022
Publisert: 27.06.2018