Kreftkoordinator

Har du eller ein av dine nærmaste fått ein kreftdiagnose? Då kan det vera godt å få hjelp til informasjon, råd og rettleiing om diagnose, behandling, rehabilitering og lindring.

Kreftkoordinator i kommunen har oversikt over kva som finst av tilbod og moglegheiter der du bur.

Kreftkoordinator i Austrheim er Tove Kristin Sleire Tistel.
E-post: tove.kristin.sleire.tistel@austrheim.kommune.no
Telefon: 40 90 02 16

Kreftkoordinator kan tilby:

  • Råd og rettleiing om diagnose, behandling og rehabilitering.
  • Vera ein samtalepartnar i ei vanskeleg tid
  • Informera om relevante tilbod og tenester, kurs og rehabilitering
  • Vera eit bindeledd mellom deg, fastlege, spesialisthelsetenesta og kommunane, og formidla kontakt til dei ulike tenester og aktuelle samarbeidspartnar
  • Sikra oppfølging av born og unge som er pårørande, saman med helsestasjon
  • Koordinera og legga til rette for at du og dine får ein best mogleg kvardag heime

Tilbodet er gratis, og du treng ikkje søka eller bli tilvist frå lege eller spesialist. Ta direkte kontakt på telefon eller e-post. Eller du kan be andre om å ta kontakt for deg. Samtale med kreftkoordinator kan vera i heimen din, på telefon eller kontoret til kreftkoordinator på kommunehuset.

Kreftkoordinator skal vidare:

  • Vera til hjelp for å koordinera og legga til rette kvardagen for kreftsjuke og pårørande, på ein best mogleg måte.
  • Bidra for å samordna tilbod og tenester rundt kreftpasientane i kommunen.
  • Vera lett tilgjengeleg for pasientar og pårørande.
  • Bidra til gode rutinar og system for kreftomsorg i kommunane.

Turgruppe for kreftramma, pårørande og etterlatte

Kreftkoordinator står bak eit eige turtilbod tysdagar. 

Turane vert arrangerte i fine turområde med fokus på mosjon, kultur og sosialt samvær. Lagt opp slik at dei passar for alle. Tur kvar tysdag mellom kl. 11.00 og 13.00. Ta gjerne med lunsj. Oppmøte ved parkeringsplassen ved Vardetangen.

Me går uansett vêr! Det er ingen påmelding eller kostnad med å vera med. Velkommen med på tur!

Arrangør for turane er Austrheim kommune ved kreftkoordinator Tove Kristin Sleire Tistel


Sist oppdatert: 03.12.2021
Publisert: 22.11.2021