Jordmortenesta

 Er du gravid?

Første kontroll bør vere tidleg i svangerskapet (veke 8-10)

Vidare kontrollar er i veke 14, 18 ( ultralyd), 24, 28, 32, 36, 38, 40, 41.

Dette skjer på svangerskapskontrollane

Jordmortenesta er eit gratis tilbod.

På grunn av nye personvernreglar kan vi ikkje diskutere personlege eller medisinske tema på e-post eller per sms. Vi oppfordrar deg heller til å ringe oss.

Svangerskapskontroll hos jordmor

Du vel sjølv om du vil gå til svangerskapskontroll hos lege eller jordmor, eller vekselvis begge. Du kan bestilla time direkte hos jordmor.

Jordmor sitt arbeidsområde er:

  • normalt svangerskap
  • normal fødsel og barseltid
  • familieplanlegging og prevensjonsrettleiing
Jordmor sine oppgåver

Jordmor legg særleg vekt på :

  • Tiltak som fremjer god helse og naturleg utvikling av svangerskapet.
  • At du føler deg trygg når det gjeld den komande fødselen.
  • At du/de som foreldre får ein god start saman med det nye barnet.
  • At du er førebudd på barseltid og amming.
  • At du har kjennskap til dine rettar som gravid, fødande og barselkvinne.
Oppfølging hos jordmor

Når du er hos jordmor blir det sett av god tid til samtale, informasjon og undervisning. Jordmor sjekkar blodtrykket, lyttar på barnets fosterlyd, måler magen sin omkrins, kontrollerer urin og tar ulike blodprøvar.

Første ultralydundersøking er når du er i veke 18.

Ved behov sender jordmor tilsvising til spesialisthelsetenesta for vidare undersøking.

Jordmor kontaktar fastlege: 

  • når du treng sjukemelding
  • ved tilvising til fysioterapi
  • ved mistanke om urinveisinfeksjon
  • om du brukar medisinar eller har sjukdommar/lidingar som bør følgjast opp
Ta gjerne og kontakt dersom
  • du kvir deg for å verte gravid pga ein tidlegare fødsel.
  • Treng å rådføre deg, eller samtale om abort.
  • Har ulike spørsmål.

Det vert arrangert fødselsførebuande kurs nokre gongar per halvår.

https://helse-bergen.no/avdelinger/kvinneklinikken

Ultralyd

Første ultralydundersøking når du er i veke 18. Jordmor ordnar med det praktiske og sender tilvising for deg.

Kontakt / opningstid

For timebestilling ring eller sendt sms til jordmor Sandra Herøy på telefon 45 35 50 34.

Besøksadresse:

Kommunehuset i Austrheim 2. etasje

Sætremarka 2

5943 Austrheim


Sist oppdatert: 28.03.2023
Publisert: 27.06.2018