Fysio- og ergoterapi
Fysioterapeut: Runar Sannarnes
e-post: runar.torsvik.sannarnes@austrheim.kommune.no
Telefon: 453 55 315
Fysioterapeut: Dan Kristian Karlsen
e-post: dan.kristian.karlsen@austrheim.kommune.no
Telefon: 453 55 223
Dei to fysioterapeutane Runar Sannarnes og Dan Kristian Karlsen har frå våren 2024 gått over frå å vera kommunalt tilsette til å vera privatpraktiserande med kommunalt driftstilskot.
Ergoterapeut: Hrafnhildur J. H. Øksnes (Hrabba)
e-post: hrabba@austrheim.kommune.no
Telefon: 966 26 465, jobbar 50% stilling
Send gjerne e-post om du ikkje når Hrabba på telefon.
Skjema for tilvising til Fysio- og Ergoterapitenesta i Austrheim kommune (PDF, klikk på lenka).
Fysioterapitenesta i Austrheim flytta hausten 2021 inn i nye lokale på Mastrevik Torg, der dei er samlokaliserte med ergoterapeut Hrafnhildur J. H. Øksnes.
Telefontid er i tidsrommet 08.00 – 15.00, så langt det let seg gjera. Dei vil kontakta deg dersom du legg igjen beskjed på telefonsvarar.
Ergoterapitenesta utfører kartlegging og tilrettelegging av miljø og funksjon både heime og i skule. Ergoterapeuten jobbar tett i lag med fysioterapeutane for å sikre at pasientane får ei tverrfagleg og heiltheitleg oppfølging.
Fysio- og ergoterapitenesta samarbeider med pleie- og omsorgsavdelinga i kommunen om ansvar for formidling av hjelpemiddel, og vil kunne rettleie deg dersom du har behov for hjelpemiddel.