Kva kan du klage på?

  • At du ikkje har fått den tenesta du har søkt på
  • ​Forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med
  • Kritikkverdige forhold
  • Saksbehandlinga

Klage på tenesta

Dersom du er misfornøgd med ei helseteneste du får, for eksempel på sjukeheim, bør du først vende deg munnleg eller skriftleg til leiinga ved sjukeheimen. Vêr tydeleg på kva du er misfornøgd med og kva du ønskjer endra.

Klage på vedtaket

Dersom du har fått avslag på ei helseteneste du meiner å ha rett på, kan du klage. Dette blir kalla ei rettsklage. Ei rettsklage blir send til kommunen. Dei tilsette går gjennom vedtaket på nytt og ser om det bør endrast. Blir ikkje vedtaket endra, sender dei automatisk klaga vidare til Fylkesmannen i Hordaland som avgjer saka.

Når dei som utfører tenesta får klaga din, må dei undersøkje saka og endre tilbodet dersom det ikkje er godt nok. Fører ikkje klaga fram, må du sjølv sende ei skriftleg klage til Fylkesmannen som gjer ei vurdering av saka.

Slik klagar du på eit vedtak

  • Klagen må vera skriftleg.
  • Du må levera klagen innan fire veker etter at vedtaket er motteke.

Klagen sender du til:

Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim 

Du skal få svar innan tre veker. Vert ikkje klagen tatt til følgje, vert klagen automatisk sendt til Fylkesmannen.

Hjelp til å klage

Kontakt

Har du spørsmål, kontakt administrasjonen. 

E-post: post@austrheim.kommune.no

Avdelingsleiar Monika Kvamme

  • Mobil: 918 65 391

Besøksadresse:
Nordliheimen
Ausrtrheimvegen 1019
5943 Austrheim