Barnevern

Bekymringsmelding

Bekymringsmelding for offentleg tilsette

Er du uroa for eit barn eller ein ungdom? Slik kan du som er offentleg tilsett ta kontakt med eller sende ei bekymringsmelding til barnevernet.

Alle offentleg tilsette og fleire yrkesutøvarar med profesjonsbestemt teieplikt, uavhengig av om du jobbar i det offentlege eller ikkje, har plikt til å melde og gi opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at

  • eit barn vert mishandla i heimen 
  • det ligg føre andre former for omsorgssvikt
  • når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar.

Meldeplikta er personleg, altså ikkje lagt til verksemda eller verksemda sin leiar.
Opplysningsplikta går føre teieplikta. Dersom arbeidet ditt er regulert etter ei særlov, til dømes opplæringslova, helsepersonellova eller barnehagelova, vil du finne kapittel der som handlar om opplysnings-/meldeplikta.

Du kan ringe barnevernet og drøfte ei sak utan å nemne namn før du melder.

 

Melde ilag med dei det gjeld

Ofte er foreldra einige med deg som melder om at barnet eller dei sjølv strevar og treng hjelp. I slike tilfelle er det mogleg å søkje barnevernet om hjelp ilag med eller på vegner av foreldra.

Det kan vere nyttig å prøve å få til eit samarbeid med foreldra før du melder saka til barnevernet. Uansett er vårt generelle råd, at du orienterer foreldra om meldinga og kva som gjer at du har meldt ifrå.

 

Slik melder du frå

Det er ikkje sett formalkrav til meldingar, men som absolutt hovedregel bør meldingar frå deg vere skriftleg. Prinsippet om å nytta skriftleg og forsvarleg framstilling i offentleg forvaltning spelar inn, men er viktig også for at du sjølv kan sikre kva opplysningar og eventuelle vurderingar du gjev.

 Trykk her for å laste ned meldeskjema

 

Oppfølging av meldinga

Du får ei skriftleg tilbakemelding på at vi har tatt imot meldinga di og om meldinga vil føre til ei vidare undersøking innan 3 veker.

Når vi har undersøkt og konkludert i saka, skal du ha skriftleg melding om at saka er avslutta og om vi eventuelt set inn tiltak.

Dersom foreldra samtykker eller vi meiner det er avgjerande, kan du få fleire opplysningar.

Dersom du har sendt ei melding, men framleis er bekymra etter ei stund, er det viktig at du tar kontakt med barnevernet på nytt. Om du melder på ny, ikkje ta for gitt at vi kjenner til alt sjølv om vi er eller var inne i saka.

 

 

Bekymringsmelding for privatpersonar

Er du uroa for eit barn eller ein ungdom? Slik kan du som privatperson ta kontakt med eller sende ei bekymringsmelding til barnevernet.

Når bør du melde?

Meld ifrå til barnevernet om du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg eller er bekymra for måten ein ungdom oppfører seg på. Meldinga di kan vere viktig for barnet eller ungdommen det gjeld.

Du treng ikkje vere heilt sikker på om noko er galt før du melder. Det er vår oppgåve i barnevernet å vurdere korleis vi skal følgje opp meldinga di.

Du kan ringe barnevernet anonymt om du vil drøfte saka før du melder.

 

Kan du vere anonym?

Du kan velje om du vil vere anonym eller ikkje.

Du kan vere anonym for både barneverntenesta og familien det gjeld, eller du kan seie namnet ditt til barnevernet, men be om at namnet ikkje vert gjort kjent for foreldra. Fordelen med den siste varianten er at barnevernet kan kontakte deg dersom vi har spørsmål eller treng utdjuping av meldinga.

 

Korleis melder du?

Du bør sende meldinga skriftleg. Då er det lettare å unngå misforståingar.

Meldinga bør innehalde:

  • kven meldinga gjeld og kva som gjer at du er bekymra, gjerne med døme
  • informasjon om meldinga byggjer på noko du observerte ein gong eller over lengre tid
  • om det er andre som kan ha opplysningar til saka
  • kontaktinformasjon til deg dersom du ikkje veljer å vere anonym

Dersom du vil melde munnleg kan du ta kontakt med oss på telefon, så ordnar vi ein avtale. Då skriv vi ned meldinga ilag med deg i møtet.

Trykk her for å laste ned meldeskjema

 

Oppfølging av meldinga

Dersom du sender oss ei melding med namn og adresse skal du ha ei stadfesting på at meldinga er teken imot.

Dersom du har sendt ei melding, men framleis er bekymra etter ei stund, er det viktig at du tar kontakt med barnevernet på nytt.

 

 Kontaktinformasjon

Telefonar og tilsette

Barnevernet i Austrheim har kontortid kl. 08.00 - 15.30 

Telefon til servicekontoret: 56 16 20 00

Utanom opningstid, kontakt:
Barnevernvakten tlf. 55 36 11 80
eller
Politiet tlf. 02800

Annika Tvedt Villanger
Barnevernsleiar
Telefon: 56 16 21 38
E-post: annika.tvedt.villanger@austrheim.kommune.no

Eirik Pettersen
Familierettleiar
Telefon: 56 16 21 00
E-post: eirik.pettersen@austrheim.kommune.no

Katarina Elvatun
Barnevernskonsulent:
Undersøkjing, hjelpetiltak 
Telefon: 56 16 21 42
E-post: katarina.elvatun@austrheim.kommune.no

Giske Regine Quam
Barnevernskonsulent:
Undersøkjing, hjelpetiltak
Telefon: 56 16 21 30
E-post: giske.regine.quam@austrheim.kommune.no


 

 

 

For barn og ungdom: Kvar kan du få hjelp?

Har du det vanskeleg heime, eller er du bekymra for korleis andre har det?
Meld frå til barnevernstenesta.

Slik melder du frå på dagtid på kvardagar:
Kontakt barnevernstenesta i kommunen

Slik melder du frå på kveldstid, i helger og på heilagdagar:

Barnevernvakten tlf. 55 36 11 80
Ring Alarmtelefonen for barn og unge telefon 116 111
Ring politiet på telefonnummer 02800 dersom det gjeld ei akutt alvorleg krise

Alarmtelefonen vil i samtalen med deg vurdere om det er trong for akutt hjelp, gje deg råd og rettleiing, og bringe vidare  bekymringa di  til barnevernstenesta i kommunen.

Her kan du lese meir om barnevern

 

 

Tiltak i barnevernet - Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)

Bufdir er ligg under Barne- og likestillingsdepartementet og er eit fagorgan innan områda barnevern, barn, ungdom og oppvekst, adopsjon, familievern, likestilling og diskriminering, vald og overgrep i nære relasjonar.

Her kan du lese meir om tiltak i barnevernet

 Famileverkontoret har fleire tenester

Mekling i saker der foreldra ikkje bur i lag og foreldra skal avtale samvær for born, og kven barnet skal bu hos.

Foreldrerettleiing og rettleiing knytta til parforholdet. Her tilbyr ein individuell oppfølging, gruppesamlingar og kurs.

Ein treng ikkje tilvising og all hjelp er gratis. Du tek sjølv kontakt og bestiller time eller får nærare orientering over telefon. Vårt næraste familievernkontor ligg i Biskopshavn i Bergen:

Bjørgvin familievernkontor

Vil du bli fosterheim eller besøksheim?

Fosterheim

Det er den statlege delen av barnevernet,Bufetat, som har hovudansvaret med å rekruttera fosterfamiliar. Ta kontakt om du er interessert, då vil du kunne få ei kartlegging og kurs. Kurset fungerar både som opplæring og refleksjonsgrunnlag slik at du kan finne ut om dette er noke for deg og din familie.

Beredskapsheim er ein famile som er tilsett for å vere i beredskap slik at barn som akutt må flytt har ein stad som kan ta imot dei inntil vidare. 


Besøksheim og tilsynsførar

Dette er oppdrag som barnevernet i kommunen har ansvar for og spørsmål og kontakt kan du få ved å ringe oss på telefon 56 16 20 00

Besøksheim blir brukt av barnevernet som eit hjelpetiltak for born. Besøksheim kan til dømes bli brukt som avlasting for foreldre, for å gje born meir stimulering, eller rett og slett at borna treng fleire trygge vaksne som ser bornet og viser interesse. Besøksheim vil ofte vere eit langsiktig tiltak.

Tilsynsførar
Alle born som er plasserte i fosterheim skal ha ein tilsynførar. Denne skal vere ein fortuleg vaksen som besøker bornet 4 gonger i året for å sjå til at barnet har det bra.


Sist oppdatert: 26.03.2019
Publisert: 15.06.2018