HjemFritid og ferieUng i Austrheim

Ung i Austrheim

Ungdomskoordinator - kontakt info

Ingrid Bø Marøy

ingrid.bo.maroy@austrheim.kommune.no

mob: 47 46 48 87

Info om arrangement Austrheim ungdomsklubb:

@austrheimungdomsklubb

 

Ungdommens hus

Austrheim kommune er så heldig at dei har eit eige Ungdommens hus. Her kan alle få utfolda seg om dei ønskjer å være kreativ eller aktive. 

Ungdommens hus har mange rom til ulik bruk. Eit lydtett rom for øving med instrument eller lytte til musikk med venner. Hobbyrom som er ei kreativ oase for dei som vil mala, teikna, sy, redigere bilete eller film. Eigen mini kinosal for film og videospel. Ein kafé kor ein kan henge med venner eller ta seg ein matbit for ein billig penge. Ungdommens hus har airhockey og billjard, ute er det bordtennisbord. Ungdommens hus har eigen mekkeverkstad for dei som ønskjer å mekke på mopedar.

 

Austrheim ungdomsklubb

Austrheim ungdomsklubb held til i Ungdommens hus. I Austrheim ungdomsklubb er det aktivitet kvar tysdag og torsdag frå kl: 18-22. På klubben kan du henge med venar, spela biljard, airhockey, brettspel, Wii, X-box, scrape, sy eller surfe på nettet. Du kan snakke med dei vaksne som jobbar der om alt.

Austrheim Ungdomsklubb driv ein open treffstad for ungdom i Austrheim kommune. Ungdomsklubben ønskjer å vera med på å utvikle venskap og trivsel hjå ungdomane i eit røyk- og rusfritt miljø. Klubben har som mål å gje unge eit variert og positivt fritidstilbod med klubbkveldar og gruppeaktivitetar.  Ungdomsklubben er ein uformell møteplass.

Austrheim Ungdomsklubb er ein kommunal klubb underlagt kulturkontoret. Klubben er et frittståande organ og vert driven ut frå eigne vedtekter og har ein klubbleiar, Heidi Pedersen Sylta, som har overordna ansvar for klubben i lag med styret. 

Kontakt Heidi Pedersen Sylta:

Mob: 976 32 704

mail: heidi.sylta@gmail.com

 

Austrheim ungdomsråd

Austrheim ungdomsråd (AUR) er for deg som er ung i Austrheim. AUR er tilknytt Austrheim Kommune og skal fremja ungdommens interesser generelt. 

I Austrheim har AUR høve til å påverke og har medbestemmelse i kommunale saker. Ved å være medlem i AUR får ein trening i å ta del i demokratiske arbeidsformer, gi høve til auka samfunnsengasjement og fremja gode oppvekstvilkår i Austrheim. AUR avgjer sjølv kva saker rådet skal arbeida med / ta opp.

Du som er ung i Austrheim kan gå til ungdomsrådet med saker som engasjerer deg og som du ønskjer dei skal ta opp i kommunen sine politiske organ.

Du som ungdom kan vere tilskuar når ungdomsråda har møte.


Kulturskulen

Tilbod Kulturskulen 

LARM

LARM er et samarbeid med ungdomsklubbene i Radøy, Meland og Lindås. Vi har ulike arrangement saman som Halloween party,  Juleball, Valentinesparty, paintball turnering o.l.

HavGlede 

Velkommen til HavGlede ei helg for deg som likar aktivitet ved og i havet. HavGlede er eit samarbeidsprosjekt mellom Austrheim ungdomsklubb, Austrheim kommune, og Nordhordland dykkarklubb. HavGlede går av stabelen første uken i august.

Nettside HavGlede

 

UKM - Ung kultur møtes

Noen deltar på UKM for å vise frem noe de brenner for, noen prøver noe helt nytt og andre er med sånn at alle får vist sin beste side.

Sammen skaper vi noe nytt, inspirerer og lærer av hverandre og har det gøy.

Musikal, slampoesi, lysteknikk, foto, hiphop, eller noko anna! Meld deg på her: (ekstern lenke):

Les meir om UKM i Nordhordland: (Ekstern lenke)

Les meir om UKM i Vestland: (Ekstern lenke)

 


Sist oppdatert: 08.12.2018
Publisert: 27.06.2018