Bautaen på Selsøy

Secret Intelligence Service (SIS) utdanna operatørane til lyttestasjonar og andre operasjonar. Dei som er heidra med bautaen på Selsøy er:

Eivind Viken

• Veteran frå Vinterkrigen
• Deltok kampane på Austlandet i 1940
• Ein av dei mest erfarne SIS-agentane, på stasjonane:

  • Pi (nov 41 – jan 42 & mar 42 – mai 42)
  • Erica (jan 43 – sep 43)
  • Delia (des 43)
  • Risor (apr 44 – des 44)
  • Barbro (feb 45 – freden)

Karl Nesfossen

• Deltok kampane i Valdres i 1940
• Etablerte sommaren 1943 XU-organisasjonen B.A.R.
• SIS agent med følgjande stasjonar:

  • Risor (apr 44 – okt 44)
  • Pommac (des 44 – jan 45)
  • Sissel (feb 45 – freden)

Henrik O. Mongstad

• Medlem av illegal gruppe på Austlandet våren 41 til des 41
• Kontaktmann i Nordhordland for allierte styrkar i høve invasjon frå påsken 1942.
• SIS kontakt og agent med følgjande stasjonar:

  • Risor (jun 44 – des 44) 
  • Pommac (des 44 – feb 45)
  • Sissel (feb 45 – freden)

Nils Due

• Veteran frå Vinterkrigen
• Deltok i feltoget i 1940
• Kompani Linge (nov 41 – jun 43)
• SIS agent med følgjande stasjonar:

  • Pommac (des 44 – feb 45)
  • Sissel (feb 45 – freden)

Odd Rongevær

• Deltok i feltoget i 1940
• Tatt av tyskarane for tidleg involvering i Englandsfarten – Ulven 11,5 månader – Tyskland 2 år og 4 måneder
• SIS kontakt og agent med følgjande stasjonar:

  • Risor (ca. nov 44 – des 44)
  • Barbro (feb 45 – freden)

Samuel Lervåg

• Kontaktperson for SIS-stasjonane:

  • Risor (jun 44 – okt 44)
  • Pommac (des 44 – feb 45)
  • Sissel (feb 45 – freden)

Nils Lervåg

• Involvert i transporten av Risor-stasjonen til Selsøy og seinare hjelpar for Nesfossen sine etterfølgjande stasjonar

  • Risor (jun 44)
  • Pommac (des 44 – feb 45)
  • Sissel (feb 45 – freden)

Rasmus Krossøy

• Kontaktperson for Risor-stasjonen under tida på Selsøy. Reiste til Storbritannia då stasjonen vart evakuert jula 44:

  • Risor (jun 44 – des 44)

Olaf Rongevær

• Kontaktperson for Risor-stasjonen under tida på Selsøy. Reiste til Storbritannia då stasjonen vart evakuert jula 44.

  • Risor (jun 44 – des 44)

Sist oppdatert: 02.05.2022
Publisert: 02.05.2022