Verd å sjå

Kva har kystkommunen Austrheim av attraksjonar å tilby deg som turist? Dette er vel avhengig av interesser og kva forventningar du har. Det er nærliggjande å peike på skjergarden og dei flotte tilhøva for friluftsliv, padling, badeliv og fiske. 

Men kommunen har meir å tilby om du tek ein nærare kikk.

Fosnstraumen

I 10.000 år har det budd folk i Fosnstraumen, og mange spanande funn er gjort både på Austrheimsida og på Radøysida. Det er skilta med informasjonstavler som fortel om funna og om livet i steinalderen. Meir informasjon på nettsida til Vestnorsk Utvandringssenter, klikk på lenka.

Kilstraumen

Kilstraumen har ei spanande historie som kan førast attende i skriftlege kjelder i Håkon Håkonssønns saga. Staden fekk kongeleg bevilling i 1610. I dag framstår Kilstraumen Brygge som eit reiselivsfyrtårn i Nordhordland. 

Kunsthuset Austrheim

Kunsthuset Austrheim held til i det gamle kommunehuset på Austrheim. Her finn ein ei samling kunstnarar og dyktige kunsthandverkarar. Ope kvar laurdag 11.30-14.30 eller på forespurnad.
Kontaktinformasjon: Kunsthuset Austrheim, Åråsvågen 3, 5943 Austrheim. Mob. 922 23 687 / 45607372.

Vardetangen

Er du i Austrheim anbefaler vi deg ein tur til Vardetangen. Dette er det vestlegaste punktet på fastlandet i Noreg, og har fått si eiga dagsturhytte. Etter å ha vore der kan du sikra deg eit Vardetangen-sertifikat. Kan kjøpast på Kilstraumen Brygge eller i Turistinformasjonen på kommunehuset i Austrheim. Meir om Vardetangen her.

Øyanevegen

Øyanevegen er ei oppleving og ein attraksjon for seg sjølv. Den snor seg roleg i landskapet mellom øyar og sund. Her kjem du så nært havet som det nesten let seg gjere. Vil du lenger tek du ferja til Fedje. Denne går frå Sævrøy.

Mongstadmuseet

Austrheim er ein av vertskommunane til industrien på Mongstad. Her held Statoil Mongstad, TCM, CCB Mongstad og mange fleire bedrifter til. Også eit spanande oljemuseum finn du her. Dette er verd eit besøk om du har tid. 

Selsøy

Selsøy ligg i øyaneområdet ytterst i Austrheim. Under 2. verdskrig var det her plassert ein lyttestasjon, Risor II, som rapporterte til England om tyskarane sine operasjonar og skip. Under svært dramatiske omstende måtte Selsøy evakuerast vetlejulaftan 1944. Også hjelparane og deira familiar måtte flykta med KNM Hitra. I dag vert frigjeringsdagen 8. mai kvart år markert med ei flott tilstelling på Selsøy. Dette er det Neptun Seniorklubb som er ansvarleg for. Dei har bygd opp igjen lyttestasjonen og laga til både toalett og amfi der markeringa er. Gode kaiforhold. 

I 2013 vart filmen RISOR II produsert i eit samarbeid mellom Neptun og Austrheim kommune. Filmen er gjeven ut på DVD og kan kjøpast gjennom Neptun Seniorklubb. 

 

Filmen ligg også tilgjengeleg på Vimeo, klikk her for å sjå filmen.


Sist oppdatert: 27.06.2023
Publisert: 14.12.2018