Overnatting i Austrheim
Om du kjem som turist til Austrheim er det fleire muligheter for overnatting i tillegg til oppstillingsplassar for bubilar.
Kilstraumen Brygge - Overnatting i historiske omgjevnader
Kilstraumen Brygge har historie tilbake til 1610 som overnattingsstad. Dei tilbyr rorbuer, hytter og rom i tillegg til restaurant og båtutleige
SLIK FINN DU KILSTRAUMEN
- Ein drøy times kjøring frå Bergen, følg Fv 57 mot Mongstad/Leirvåg eller Fv 565 over Radøy
- Ta ”Sognebåten” til Vardetangen, ring vertshuset for å avtale henting
- Buss nr. 300 frå Bergen busstasjon (til Mastrevik), den stoppar ved vertshuset
- Med eigen båt; posisjon N60 47.916 E004 56.363
OVERNATTING
- 10 koselige rom i vertshuset
- 8 hytter
- 16 rorbuer
Du er også hjarteleg velkommen med ”eige hus”. Kilstraumen har god parkering, og straumtilkopling for bubil/campingvogn. Tømmestasjon ved Mastrevik Torg, ca.4 km unna.
MAT & DRIKKE
Kilstraumen Brygge har to flotte restaurantar, Salongen og Naustet. og dei byr på mellom anna:
- Kaker, smørbrød, smårettar
- Middag
- Alle rettigheiter
- Skreddarsydde selskapsmenyar uansett anledning og antal gjestar
- Uteservering
SJØ & BÅTLIV
- Flytebrygger
- Djupvasskai
- Tilkopling ferskvatn/straum
- Slipp
- Bensin/diesel
- Wc/dusj/vaskerom
- Trådlaust internett
- Kiosk
- Kano/kajakk/sykkelutleie
- Utleige av båt
På førespurnad kan Kilstraumen Brygge også arrangere fisketurar og blåturar med ulike fartøy.
TUR & NATUR
Flotte turløyper i nærområdet, mellom anna til Vardetangen, Norges vestlegaste fastlandspunkt.
Turkart og Vardetangen-T-shirt samt diplom kan kjøpast i Kilstraumen
Ellers innbyr skjærgården på fantastiske muligheter både for fisking, padling, dykking og badeliv.
Overnatting i idylliske Rongevær - Rongevær kysthytte
Bergen og Hordaland turlag har teke over drifta av den tidlegare skulen i Rongevær, som ei stund var eit kurs- og fritidssenter drive av kommunen.
Rongevær kysthytte er eit ubetjent anlegg med totalt 38 sengeplassar. Anlegget har fleire bygg, gode brygge/kaifasilitetar og uteområde. Du kan parkera på Baløy, og ro eller padla det 300 meter lange stykket over sjø fram til anlegget.
For meir informasjon og booking sjå heimesidene til Bergen og Hordaland turlag, klikk på denne lenka (ekstern lenke)
Foto: André Marton Pedersen/Bergen og Hordaland Turlag
Ferieleiligheter i Kystlandsbyen
I sentrum av Austrheim finn du Kystlandsbyen. Denne er under utbygging, men alt no er det nokre leiligheter for utleige.
Meir informasjon finn du her: Kystlandsbyen utleige