HjemFritid og ferieReiselivMed båt til Austrheim

Med båt til Austrheim

Her finn du ei oversikt over nokre av dei kaiane som  kan vera aktuelle for deg. Dei fleste er kommunale, medan nokre er private. Ikkje alle er like godt tilrettelagde enno, og nokre ligg eit godt stykke frå kommunesentrum. For å lokalisere kaiane ber vi deg bruke nordhordlandskart.no

Vi ynskjer deg velkomen til Austrheim, vis hensyn til naboar og natur, og gjer vel og ta bosset med deg om det ikkje er bosscontainer på kaien.

For meir informasjon; ta kontakt med Austrheim kommune på tlf. 56162000

Sjå også Redningsselskapet si nettside velihavn.no, der finn du informasjon om Austrheim

Overnatting i idylliske Rongevær - Rongevær kysthytte

Bergen og Hordaland turlag har teke over drifta av den tidlegare skulen i Rongevær, som ei stund var eit kurs- og fritidssenter drive av kommunen. 

Rongevær kysthytte er eit ubetjent anlegg med totalt 38 sengeplassar. Anlegget har fleire bygg, gode brygge/kaifasilitetar og uteområde. Du kan parkera på Baløy, og ro eller padla det 300 meter lange stykket over sjø fram til anlegget. 

For meir informasjon og booking sjå heimesidene til Bergen og Hordaland turlag, klikk på denne lenka (ekstern lenke)

Rongevær kysthytte Foto Bergen og Hordaland Turlag

Foto: André Marton Pedersen/Bergen og Hordaland Turlag

Sauøy kai

Sauøy ligg i havgapet yst i Austrheim, og er ei fin, ubygd øy med fleire små lune viker med fin, kvit skjelsand og svaberg. Kaien høyrer til friluftsområde eigd av Bergen og Omland friluftsråd (BOF). Her er det lov å leggje til med båt. Det er fortøyningsboltar. Området har badeplass og toalett, bord og benk. Det er mogeleg å telte. I friluftsområdet ligger det ei turboks, ei av 16 geocacher som BOF har lagt ut.

Les meir om Sauøy på BOF sine sider

Krossøy kai        

Krossøy kai med kaihus
Dette er ein kai i det flotte Øyane-området i kommunen. Her er det lov å leggje til for båtar. Det er parkeringsplass før kaien, like før snuplassen. Ein kort spasertur frå kaien, på austsida av øya, ligg det verna naustmiljøet på Krossøy. Ein kan også gå ei kort turløype til nordspissen av Krossøy. Det er også mogleg å setje ut ein kajakk her og padle rundt i Øyane-området, men ein må vere merksam på at det til tider kan vere verhardt her. På Storhaugen (32 moh) ser du vide omkring, og her kan du sjekka kva du ser på ei flott karttavle. 

Baløy            

Småbåthamn i Baløy
Kommunen eig nausttomter ved Baløy småbåthamn. Det er høve til parkering i enden av kommunal veg, og godt eigna for utsetting av kajakk for padletur i det flott Øyane-området. Det vert ikkje tilrådd å nytte Baløy kai på grunn av dårleg forfatning. Ved småbåthamna er det også områder som er godt eigna for å bade litt.

Børilden      

Ved Børilden kai er det mogeleg å leggje til med båt. Det er ein flott padletur å padle rundt øya. På Børilden er det også eit friluftsområde eigd av Bergen og Omland Friluftsråd. Båtutfartsområde med gode naturhamner og badeviker. Fin teltplass på austsida, tilrettelagt med lavvo og bålplass. Fortøyningsboltar og fortøyningsbøye i Beinsundet, på austsida av Børilden. Sau beiter i Friluftsområdet. Hald hunden i band.

Her kan du lese meir om Børilden på BOF sine sider

Øksnes tidligare rutekai          

Øksnes
Det er lov å leggje til ved kaien. For fritidsbåtar er det gjesteplassar i småbåthamna. Ved kaien ligg eit friluftsområde eigd av Bergen og Omland Friluftsråd. Her er badeplass med flott sjøutsikt og ettermiddagssol. Parkering er mogeleg etter småbåtopplag og slipp. Følg bilveg vidare inn for å komme til friluftsområdet.. Toalett og informasjonstavle er ved parkering. Fleire turstiar og gangvegar går gjennom friluftsområdet. Landgrunn sandfjøre inst i pollen. Fast grill og bord og benk ved stranden. Det er fin teltplass på austsida av vika, og stupebrett med badestige på vestsida. Området er eit fint utgangspunkt for padling med kajakk i øyane nord for friluftsområdet. Parkeringsplassen for friluftsområdet er og eit fint utgangspunkt for turar i Øksnesmarka. I området er det opparbeid ei godt merka rundløype frå Øksnes til Årås og Rebnor, med retur til Øksnes. Turen er på omlag 6,2 km. Undervegs er det rasteplassar og informasjonstavler. Turkart er å få kjøpt i Servicekontoret på kommunehuset.

Meir om friluftsområdet i Øksneset finn du på BOF sine sider

Lerøy kai     

Lerøy kai
Det er lov å leggje til med båt. På Lerøy er det tursti som går rundt øya. 

Hoplandsjøen kai

Hoplandskaien
Det er mogeleg å leggje til med båt. Eige kailag står for innkreving av kaileige.

Litlelindås kai       

Kaien på Litlelindås
Det er lov å leggje til kaien, men det er eit lite parkeringsareal for bilar på kaien.  

Mastrevik kai       

Mastrevikane kai
Mastrevik ligg flott til i leia og er ein del av den Indre Farleia som strekkejer seg  frå Bergen via Alverstraumen og til Kilstraumen og Fensfjorden. Større båtar kan leggje til ved den gamle dampskipskaien. For fritidsbåtar er det gjestebrygge. På kaien er det eit grindverksbygg til offentleg bruk og oppstillingsplassar for bubilar og høve til å parkere. Det er mogleg å setje ut kajakk for å padle enten sørover mot Solesjøen og Njøten eller nordover mot Kilstraumen og rundt Ulvøy. Det er avgift for å liggje i gjestebryggene. Denne skal betalast i luke i Havsportsenteret. Tilgang til straum og vatn på kaien. Mastrevik ligg 10 min spasertur frå kommunesenteret med butikkar, bensinstasjon, bibliotek, lege og tømmestasjon for bubilar.

Kilstraumen Brygge

Flyfoto over Kilstraumen Brygge
Det er flotte gjestebrygger med uttakspunkt for strøm og vann, samt servicebygg med toalett, dusj og vaskerom. Avgift vert krevd. Kilstraumen Brygge har tradisjoner langt tilbake, og har kongeleg bevilling frå 1610. Restauranten serverer god mat og her er gode overnattingsmuligheter. Kilstraumen har også bunkring.
Les meir om Kilstraumen brygge her

Ervik kai


Privat kai der det er lov å legge til med båt gjennom avtale mellom grunneigar og Austrheim kommune. Ved kaien er det fin badeplass. Like ved ligg Vardetangen snøggbåtkai, der det er mogeleg å parkere. Ovanfor kaien der byrjar turløype til Vardentangen, Noregs vestlegaste fastlandspunkt, og der finn du Purkebolsvatnet.  

Les meir om Vardetangen her

Molokaien på Fonnes i Tresvik          


Kaien er eigd av Kystverket, men kommunen har ansvar for drifta. Her er det mogeleg å leggje til med større båtar. 15 gange til matbutikkar ved Mongstadkrysset. Det er også pizzeria ved tidlegare Fonnes Senter. Molokaien ligg i Nordre Fonnesvåg, og det er kort veg til turstien som fører til den flotte badestranda Årvika. Turstien går vidare til Vardetangen.

Les meir om Vardetangen her


Sist oppdatert: 14.09.2022
Publisert: 14.12.2018