Kyrkja

Austrheim kyrkje

I tilknyting til kyrkja ligg gravplassen. I tillegg er det gravplass på Leirvågleitet i like ved bedehuset der. I Øksneskrysset ligg den gamle kolerakyrkjegarden i Austrheim.

Aktivitetane i kyrkjelyden og i Kyrkja vert styrt av soknerådet. Soknerådet vert valgt kvart 4.år.

Soknerådet gjev ut meldingsbladet Kyrkjebakken. Heilt sidan 1971 har dette vore eit viktig organ i Austrheim. "Alle" les Kyrkjebakken, og difor vert dette nytta som meldingsblad, ikkje berre for aktiviteter i kyrkjeleg samanheng, men av kommunen og fleire lag og organisasjonar.

Heimesida til Austrheim Sokn finn du her www.austrheim.kyrkja.no

Foto: Tina Strømsnes Monslaup

Fjon fjellkyrkje

Fjon Fjellkyrkje er ein kombinert leirplass/kyrkje som ligg i Matredal i Masfjorden kommune. Kyrkja ligg vakkert til ved inngangen til dei flotte fjellområda i Stølsheimen og Matrefjella, og er eigd av alle sokneråda i Nordhordland prosti. Kyrkja har plass til 40-50 overnattingsgjestar.

Les meir om Fjon Fjellkyrkje her


Sist oppdatert: 08.12.2018
Publisert: 07.12.2018