HeimFritid og ferieFriluftsliv

Friluftsliv

Turar i Austrheim 

Austrheim er på mange måtar eit stort turterreng, men om du treng litt hjelp, fins her åtte merka turløyper, sju av dei er sjønære. Ein attraksjon du berre finn i Austrheim, er Vardetangen, det vestlegaste punktet på fastlandet.  Vardetngen ligg på 4 grader 56 min. 43,182 sek. austleg lengde og 60 grader 48 min. 36,614 sek. nordleg breidde.

Går du turløypa gjennom Hoplandsmarka, frå kvernhuset i nord, til Fosenstraumen i sør, har du eit historisk spenn på mange tusen år. Langs denne løypa finn du på mange måtar livsgrunnlaget for folket på desse kantar i gammal tid; heimeavla korn male på lokale kverner og dei rike fiskeplassane i dei mange straumane.

Langs turløypa i Øksnesmarka finn du spor etter torvtaking. Torv var tidlegare eit viktig brensel; vedskog fanst nesten ikkje, og kol var dyrt.

Fine utsiktspunkt finn du i turløypene i Krossøyna og Lerøyna.

Turkart og turbok kan kjøpast i servicekontoret på kommunehuset.

Kr 125 pr stk.

Reglar for friluftsliv

Allemannsretten er den retten alle har - uavhengig av eigedomsforhold - til ferdsel, opphald og aktivitet i utmark. Utmark - det vil i praksis seie - det meste av strender, svaberg, vatn, myrer, hei, skog og fjell i Noreg. Du har og rett til å plukke bær, sopp og blomar.

innmark kan du gå over åker og eng når dei er tilfrosne eller dekte av snø. Utmark er: alt som ikkje er innmark. Innmark er: Hus-/hyttetomt, gardsplass, hage, dyrka mark, kulturbeite og skogplantefelt.

Allemannsretten er nedfelt i Friluftslova av 1957.

Allemannsretten er eit gratis fellesgode. Retten er tufta på at du skal vise omsyn til grunneigarar og andre brukarar, og ha respekt for naturen.

Ver merksam på: 

  • Bruk av eld i skogsmark er forbode 15. 4. til 15. 9.
  • Generell bandtvang for hund heile året.
  • Jakt og fiske i ferskvatn inngår ikkje i allemannsretten (fiskekort).
  • Hugs å late att led og grinder.

 Langs kysten :

  • Pass på fartsgrensene.
  • Det er ikke lov å bruke kai eller brygge utan løyve frå eigaren.
  • I sjøfuglreservata er det forbode å gå i land frå 15. 4. til 15. 7. Sjå kart.

Motorferdsel:

  • Motorferdsel i utmark er i utgangspunktet forbode.
  • Eigar av privat veg kan forby køyring og parkering langs vegen.
  • Langs offentleg veg, i utmark, er det lov å parkere.
Gassenesset

-sentrumsnær turløype med bålplass og badeplass.

Beste utgangspunktet for denne løypa er ved Austrheim Idrettspark. Like ved bana står det ei informasjonstavle over denne løypa. Ein heil runde i løypa tek omlag 60 min. Omlag halvegs kjem du til bålplassen som er bygd opp. Her kan du sitje under tak, tenne i bålpanna og grille  pølsene og nye medbrakt kaffi. Like ved kvileplassen tek stien ein avstikkar ned i badevika. Du kan heile runden og ende opp igjen ved idrettsparken, eller du kan gå ned i Gassevågen og gå langs vegen via Leikvoll og tilbake til Idrettsparken. Frå eldridhaugen (40 moh) har du god utsikt i mange retnignar.

Hoplandsmarka med steinaldersti og Hoplandkvernane

Turløypa Hoplandsmarka, Fosenstraumbrua - Kvernhusvågen - Litlelindåsgarden. Merka og opparbeidd rundløype, på omlag 4 km. Løypa er knytt saman med ein skogsveg som kjem frå Hopland. Skogsvegen og rundløypa går i felles trasè sørover til Snekkevika. Du finn ei rekkje gode fiskeplassar ved Fosenstraumen.

Steinalderbuplassar. Dei første austrheimingane slo seg ned ved den fiskerike Fosenstraumen alt for 10500 år sidan. På begge sider av denne straumen kan vi sjå fàr etter steinalderbuplassar. Utgravingar har vist merke etter busetnader gjennom heile steinalderen.

Her er funne pilespissar, steinøkser og andre reiskap.

Det var gneldring og skrål nede i fjøra. Den feite kobben låg no avliva. Karane skar med kvasse flintknivar, tørka seg i skjegget med blodute nevar. Kvinnfolka studerte skinnet med tanke på klede. Gamlingen la ved på bålet; snart blei det mat! Solbrune ungar hoppa rundt og kasta stein etter hundane som sleit i slakteavfall”. (Strilesoga I) Sjå turløypa Hoplandsmarka.

Hoplandskvernene. Tar du turløypa gjennom Hoplandsmarka, er det naturleg å stoppe ved dei gamle kvernhusa. Kvernene er nemnde alt i 1667. Dei har vore restaurerte i fleire omgangar. Under andre verdskrigen bar kvernene namnet Hopland bygdemølle og var i bruk. På 1970-talet blei kvernene restaurerte med støtte frå Austrheim kommune og Statens Kornforretning. Ved kvernene er det fint å raste, og vegen er heller ikkje lang til gode fiskeplassar. Du kjem også lett til Hoplandskvernene sjøvegen. Fortset du stien sørover, kjem du til steinalderbuplassane ved Fosenstraumen. Sjå turløype Hoplandsmarka.

 

Turtavle.pdf

Krossøy

- nærmare havet kjem du ikkje utan å bli våt.

Du er på historisk grunn. På denne øya finst det spor etter folk fleire tusen år tilbake i tid. På 1920-talet vart det på bruk nr. 1 gjort funn av økser og slipeutstyr, truleg frå Steinalderen.

Namnet kan vere knytt til ein kross som i tidlegare tider vart reist her, anten som eit religiøst symbol, eller som eit seglingsmerke.

Til garden Krossøyna høyrer mange holmar og øyar, og i dette øyriket kan du finne interessante naturområde med sjøfuglkoloniar (gråmåse og svartbak), og innslag av kystlynghei med både røsslyng og store forekomstar av purpurlyng.

Medan lyngheiane i kommunen er på retur, er lyngheia på Krossøyna framleis i bra stand fordi her er beitande sauer.

Opp gjennom tidene er mykje av myrane utnytta som brensel. Tørka torv var ein livsviktig ressurs i eit landskap mest utan store tre.

77 menneske budde på Krossøyna og tilhøyrande øyar og holmar så seint som i 1920, mens det er oppgitt berre 5 fastbuande i 2001. Etter at det kom veg til øya, er det blitt meir aktivitet i husa, for ein del er dette knytt til ferie og fritid.

Fiskarbondens rike

Krossøyna har på mange måtar vore sjølvberga. Jordbruk og fiske har halde liv i folk opp gjennom tidene. I tillegg nokre handtverkarar. Det har gitt mat på bordet og naudsynte inntekter. Framleis finst det kulturminne og bygningar som viser dette, mellom anna ei smie og eit hamneområde med spesialbygningar for ulike føremål.

Denne gamle hamna, som ligg lunt til på austsida av hovudøya er restaurert av Hordaland fylkeskommune. Heile miljøet er freda og framstår som ein attraksjon for alle som er interesserte i kystkultur. Her finn du naust, som var opplagsplass for ulike båttypar, sjøbuer som var arbeidsplass og hadde lagringskapasitet for fisk og sild, og torvhus, der det livsviktige torvet vart lagra. Torvet vart ført hit frå ei av de største naboøyane, Lyngoksen.

Kvart år, under Kystsogevekene, brukar folk på Krossøyna å invitere til kulturvandring i «Fiskarbondens rike». Då kan folk oppleve kystkultur og lokalhistorie, omvisningar og suppe i nausta.

Dette er ikkje ein parkeringsplass for bubilar, og det er heller ikkje tillate å sette opp telt her.

Men for deg som kjem med bil, kan dette vere utgangspunktet for turar på vakre Krossøyna. På kartet til høgre ser du avmerka Storhaugen. På biletet i midten ser du varden og kartet du finn på toppen. Studerer du utsikta frå Storhaugen, og konfererer med kartet, kan du sjå til meir enn 17 kommunar i to fylke, Hordaland og Sogn og Fjordane. Går du litt innover bygdevegen, finn du skilt og veg ned til det restaurerte hamneområdet.

Du må og gjerne prøve den varierte, men og ganske lette turstien som går til endes på Krossøyna, til Krossøygavlen.

Ta omsyn til kulturlandskapet du ferdast i. Det går dyr på beite, så ha alltid hunden i band.

God tur!

 

ENGLISH:

Welcome to Krossøyna

You're on an historical site. On this island you can find traces of people who lived several thousands of years ago. In the 1920's axes and grinding equipment were found on farm number 1, these probably date back to the Stone Age. The name Krossøyna may be connected to a cross that in earlier days was erected here, either as a religious symbol, or as a sailing mark. Many islands and islets belong to the farm Krossøyna, and in this area you can find interesting nature with seabird colonies (herring gull and black-backed gull). You can also see coastal moors covered with heather, including large quantities of purple heather on the island.

While the heather in Austrheim is generally decreasing, the heather at Krossøyna is still in good condition because there are grazing sheep there. Throughout the years a lot of the marshes have been used as fuel. Dried peat was an essential resource in an area almost without large trees. 77 people lived at Krossøyna and adjacent islands as late as 1920, while only five persons were registered as living there by 2001. After a road to the island was constructed, there has been more activity in the houses there, for many these are holiday and recreational activities.

 

The Farming Fisherman's Kingdom

Krossøyna has in many ways been self-sufficient. Farming and fishing, as well as handicraft, has sustained people throughout the years. That has put food on the table and given necessary income for the inhabitants. There are still cultural memorabilia and buildings which show this, amongst others a smithy and a quay area with buildings especially built for various purposes. This old quay area, which is located in an area sheltered from the wind, on the Eastern part of the island, has been restored by Hordaland County. The whole area has been declared protected, and is an attraction for anyone interested in coastal culture. Here you will find boathouses, which were used to store various boat types, sea houses that were work places and were used as storage for fish and herring, and peat houses, where the essential peat was stored. The peat was transported here from the neighboring island, Lyngoksen. Every year, during Kystsogevekene, a yearly event promoting cultural experiences along the coast, visitors are invited to a tour of the Farming Fisherman's Kingdom. This offers visitors a chance to experience coastal culture, local history, tours, and taste soup in the boat houses.

Be Considerate - No Parking

This is not a parking spot for motorhomes. It's not allowed to put up tents there either. If you arrive by car, there are many beautiful trails to walk at Krossøyna. On the map on the right you can see Storhaugen marked off. On the picture in the middle you can see the cairn and the map you can find on the top of it. If you study the view from Storhaugen, and check the map, you can look towards 17 municipalities in two counties: Hordaland and Sogn og Fjordane. If you walk a little along the trail, you will see a sign and a road leading down to the quay area. You may also try the varied, but easy trail which leads to the end of Krossøyna, to Krossøygavlen. Consider the cultural landscape you are walking in, animals are grazing in the area so keep your dog on a leash at all times. 

Lerøyna rundt

Løypa startar litt før du kjem til kaien i Lærøyna. Du går gjennom eit spennande og variert kulturlandskap nordover motl utsiktspunkt der du har fritt utsyn mot Fedje og storhavet. Løypa snur så sørover langs ei lang, grunn bukt. Her er det fint for leik og bading for born. Trasèen går gjennom kupert landskap, og endar ved kommunalveg, ikkje langt frå der ho startar. Fine rasteplassar langs løypa som er om lag 1,5 km. NB! Løypa går gjennom beiteområde.

 

Utsikt mot nord frå Lerøyløypa

Litlåsnuten 

- det høgaste punktet i Austrheim 

Løypa går rundt Litlåsfjellet, Austrheim sitt høgaste punkt, (109 m o h). Løypa er under opparbeiding og merking. Her finst mellom anna krigsminnesmerke - tuftene etter hytte frå 1. verdskrigen, også litt brukt under 2. verdskrigen. Sjå ”Turar i Austrheim”. Om du ynskjer å gjera turen lenger kan du gå vidare inn i Lindås kommune og gå via Nøvi før du går ned til Knarvik ved Mongstadbase.

Turstien til Litlåsfjellet 109 moh

Seteneset

- ta deg ein tur, sit deg ned og nyt sola som sig i havet.

Løypa er merka og opparbeidd og startar ved Austrheim Kystbarnehage. Her er det parkeringsplassar. Lengda tur - retur, er omlag 5 km, og lett å gå. Deler av stien er lagt på berg nordover mot neset. Langs trasèen finn du merka avstikkarar til fine fiske- og badeplassar.  NB! Løypa går gjennom beiteområde - vis omsyn.

 



Søre Njøta

Rundløypa går frå parkeringsplass nær enden av bilvegen. Løypa går vidare sørover til Naustvika/Minnesvika. Dette er ein mykje nytta badeplass. Stien held fram vidare sørover forbi Alskovika mot Njøteneset med ein stor varde. Fylg høgdedraget tilbake,  nordover til kjerreveg mot Åvika. Løypa går så tvers over Naustneset og attende til utgangspunktet.

Utkilen 

- turløype gjennom flott kulturlandskap

Startar du ved grendahuset i Synnevågen er dette ein tur på nesten 6 km. Frå Austrheimvegen tek stien av mot aust langs steingarsden, gjennom utmark til utsiktspunkt mot Fonnesstraumen. Vidare nordover gjennom skog og lyng til høgste punktet, Stølshaugen. Løypa er godt merka og går over jordet på Utkilen mot busstoppet før du vender sørover igjen. Frå Austrheimvegen går turen på grusa veg langs sjøen med utsikt mot Mastrevik og Vikane.

Frå løypa Utkilen rundt.

 

Vardetangen 

- unn deg ein tur til det vestlegaste punktet på fastlandsnoreg

Merka rundløype på omlag 5 km til Vardetangen og videre til badeplass ved Årvika med bord og toalett. Vegen går videre på sørvestsida av Fonnesvågen, forbi fiskevatn (fiskekort) og langs idyllisk bygdeveg attende til parkeringsplass ved Vardetangen snøggbåtkai. Du kan og starte turen frå parkeringsplass ved molo i Nordre Fonnesvågen.

Noregs vestlegaste fastlandspunkt, Vardetangen, ligg i Austrheim kommune på 4 grader 56 min. 43,182 sek. austleg lengde, 60 grader 48 min. 36,614 sek. nordleg breidde. Har du vore på Nordkapp og Lindesnes, så kan du no få med deg den vestlegaste pynten av fedrelandet.

Stad: Fonnes, Austrheim
Turkart: Austrheim (1 : 25.000)

Start og sluttpunkt: Ved Vardetangen hurtigbåtstopp eller molokaien i Nordre Fonnesvågen
Parkering: Ved molokaien i Nordre Fonnesvågen, eller ved hurtigbåtstoppen på Vardetangen. Alt etter kvar ein ynskjer å starte turen

Tilkomst med offentleg transport: Buss frå Mastrevik eller buss frå Knarvik over Lindås kan begge nyttast. Eit godt utgangspunkt for turen er hurtigbåtstoppen på Vardetangen. Hurtigbåt til/frå Bergen, Sogn og Nordfjord stoppar her.

Merking: Informasjonstavle ved startpunkt. Skilta og merka etter ny løypestandard.
Gradering: Grøn. Lett fottur. Ein støvel etter DNT-systemet
Høgdeskilnad: 0 – 25 m moh. Samla stigning er ca 50 meter
Tidsbruk: Heile rundturen tar ca 2 timar

Er det ein flott dag som eignar seg for eit bad, kan det vera ein ide med stopp i Årvikane og prøve badekleda.

Som eit minne frå at du har vore på det vestlegaste fastlandspunktet i Noreg kan du kjøpe deg eit eige sertifikat eller Vardetangent-skjorte. Dette kan du kjøpa hjå Kjelstraumen Vertshus, hjå servicekontoret på Austrheim kommunehus.

Øknesmarka 

- tur i gamalt kulturlandskap og mellom flotte fiskevatn

Rebnor - Årås – Øksnes.  Merka rundløype på omlag 5,5 km. Turen går i lett og variert terreng , (godt skotøy eller støvlar, då ein del av stien går over myr). Ein passerer fleire småvatn undervegs der det finst aure. Mellom Øksnes og Rebnor går stien forbi ein rasteplass med gapahuk, bord og grillpanne. Mellom Rebnor og Årås passerer ein Hammarsvatnet der ein kan få aure på over halvkiloen. Rett over dette vatnet ligg Hammarsnuten. Her er det utsikt til alle kantar og ein kan sjå langt på klåre dagar. Langs løypa finn ein fleire stader restar etter torvhus og merke i myra etter torvtaking. Den siste grunneigaren tok torv fram til midten av 1980-talet.

Les meir om rundturen Årås - Øksnes - Rebnord - Årås på ut.no

Øyanevegen – øyhopping med sykkel eller bil

Øyanevegen som startar på Rebnor, deler seg på Lauvøyna. Ei grein går til Sevrøyna med med ferje som går til Fedje. Denne vegen går vidare til Baløyna der det var både butikk og dampskipsekspedisjon til ut på 1960-talet. Frå Baløyna er det kort veg med båt eller kajakk til Rongeværarkipelet med den fine badestranda Sauesanden med brygge og toalett.

Den andre greina går frå Lauvøyna, over Langøyna til Krossøyna.Frå parkeringsplassen kan du fylgje gardsvegen og ta til høgre ned mot det restaurerte naustmiljøet som framleis er i bruk. Hamna er skjerma mot vind og ver, og bygningane er tett samla. Her ligg naust, sjøbuer og torvhus. Sjøhusa er grindbygde, dei fleste frå slutten av 1800-talet. Miljøet har høg, nasjonal vernestatus, og er freda. På Storhaugen (30 moh) ike ved parkeringsplassen kan du sjå omlag 20 kommunar. Ei stor og god karttavle syner deg kva du ser i alle himmelretningar. Ein liten tur til Krossøygavlen er også verd å få med seg.

For sykkelentusiastar er dette ein tur med få motbakkar og vidt utsyn. Stoppeplassane er mange og fine, og du finn både lune rasteplassar og stader du kan bade. Har du fiskestanga med, kan det fort bli ein fiskemiddag med pølsene i reserve.

Motiv frå Øyanevegen - utsikt frå Sævrøy

Friluftsområder i Austrheim 

I Austrheim har vi 3 friluftsområder som Bergen og Omland friluftsområder (BOF) forvaltar.

Øksnes friluftsområde har turvegar og strand som er eigna for rullestolbrukarar med hjelpar. Dette er eit av dei områda BOF har i Austrheim. Parkering ved dampskipskaien og etter slippen ved småbåthamna. Føl grusvegen vidare inn i området. Toalett og informasjonstavle ved parkeringa. Fast bord og benkar, samt grill ved stranda. Det er ein fin teltplass på austsida av vika. Stupebrett med badestige på vestsida. Området er eit fint utgangspunkt for padling med kajakk i øyane nord for friluftsområdet. Bilveg heilt fram til badeplassen. Les meir på BOF sine heimesider - Øksnes friluftsområde

Sauesanden lipp på Sauøy i Rongevær. For å kloma dit må du i båt. Badeplassen har ei fin og langgrunn sandstrand. Området er tilrettelagt med brygge og toalett. Les meir på BOF sine heimesider - Sauesanden

På Børilden har BOF eit stort friområde. Her er det fine viker og flotte plassar å slå seg ned. Ein må i båt for å koma ut dit. les meri på BOF sine heimesider - Børilden

Årvika har i "alle år" vore ein flott badeplass for bygdefolk og andre. No er området rusta kraftig opp ved hjelpa av Fonnes bygdelag, Austrheim kommune, grunneigarar, BOF og Gjensidigestiftinga. Frå parkeringsplassen er det kort veg langs god gangveg fram til badeplassen i Årvika. Det er lett å ta seg fram med barnevogn. Badevika har landgrunn sandstrand og er tilrettelagt med fleire bord og benk, grill og toalett. I bakkant av stranden er det fin grasmark, nord for stranden er det svaberg og fleire små badeviker. Områda nord for Årvika blir brukt til vannsportaktiviteter, og friluftsområdet er eit godt startpunkt for windsurfing og kiting. Les meir på BF sine heimesider - Årvika

Årvika med tursti, badeplass og frisbeegolf bane

Årvika har i "alle år" vore ein flott badeplass for bygdefolk og andre. No er området rusta kraftig opp ved hjelpa av Fonnes bygdelag, Austrheim kommune, grunneigarar, BOF og Gjensidigestiftinga. Frå parkeringsplassen er det kort veg langs god gangveg fram til badeplassen i Årvika. Det er lett å ta seg fram med barnevogn. Badevika har landgrunn sandstrand og er tilrettelagt med fleire bord og benk, grill og toalett. I bakkant av stranden er det fin grasmark, nord for stranden er det svaberg og fleire små badeviker. Områda nord for Årvika blir brukt til vannsportaktiviteter, og friluftsområdet er eit godt startpunkt for windsurfing og kiting.

Les meir på BOF sine heimesider


Øksnes friluftsområdet - turar og badeplassar

Øksneset har turvegar og strand som er eigna for rullestolbrukarar med hjelpar. Dette er eit av dei områda BOF har i Austrheim. Parkering ved dampskipskaien og etter slippen ved småbåthamna. Føl grusvegen vidare inn i området. Toalett og informasjonstavle ved parkeringa. Fast bord og benkar, samt grill ved stranda. Det er ein fin teltplass på austsida av vika. Stupebrett med badestige på vestsida. Området er eit fint utgangspunkt for padling med kajakk i øyane nord for friluftsområdet. Bilveg heilt fram til badeplassen.

Les meir på BOF sine heimesider.


Sist oppdatert: 08.12.2018
Publisert: 27.06.2018