HeimFritid og ferieÅrlege arrangement

Årlege arrangement

Fonnesdajen 

- dajen der folk møtes

Fonnesdagen har blitt eit kjært samlingspungt i historiske Fonnesvågen. Kystkultur står sterkt i sentrum og gamle handverkstradisjonar og gamle reidskap vert synt fram for publikum.

Arrangøren, Fonnes bygdlag, legg opp til eit variert og flott program kvart år.Galme dampen, Oster, er innom, fiskesjarker og andre båter ligg og ved kai denne dagen. Fonnesdagen vert arrangert i august kvart år.

Facebook side.

Landbruksdagen i Austrheim 

 - det største kåringssjået i landet

Landbruksorganisasjonane i Austrheim, med landbrukskvinnelaget i spissen, står for den årlege landbruksdagen. Etter kvart har arrangementet vakse seg så stort at kåringssjået er blitt det største i landet. Men landbruksdagen er meir enn kåringar. Utstilling av landbruksutstyr, sal av brukskunst, kortreist mat og nygrilla hjortekjøt og andre lanbruksprodukt er også viktige delar av landbruksdagen. Austrheim kyst- og sogelag har ansvar for utstilling av eldre reidskaper og foto frå farne tider.

 

Austrheimløpet

- den vestlegaste løpsfesten i landet?

Årleg arrangerer Austrheim IL trimløpet Austrheimløpet. Start og mål er i Austrheim Idrettspark. Opp gjennom åra har løypa hatt litt ulik trase, men no har ein funne to løyper på henholdvis 2,4 km og 4,8 km. Løpet har ein sosial profil som gjer det triveleg å vera deltakar.

Arrangør Austrheim idrettslag

Austrheim Cup

- full fart på grassbana

Austrheim Cup har lang tradisjon i Austrheim. Sidan oppstarten har cupen fått rykte på seg for å vera ein triveleg cup der borna får spele på grasbane og det sosiale er satt i sentrum. Omlag 150 lag opp til 12 år deltar første helga i juni kvart år.

Arrangør av Austrheim Cup er Austrheim IL

Foto: Anita Soltveit

Karneval for dei minste i Austrheimhallen

Austrheim ungdomsråd og Austrheim ungdomsklubb arrangerar kvart år karneval for dei minste. Tradisjonen tro har det vore arrangert kvar sundag før vinterferien sidan 2010.

Karnevalet er ein festdag i Austrheimhallen for dei minste. Borna kan delta på teikneverkstad, cupcake verkstad, hoppe på hoppemdrass, bungeejumpe horisontalt, bruke bumperz og spinne lykkehjulet. Det er ungdommane i ungdomsrådet og ungdomsklubben som står for alt arbeidet.

 

 

HavGlede 

Velkommen til HavGlede ei helg for deg som likar aktivitet ved og i havet. HavGlede er eit samarbeidsprosjekt mellom Austrheim ungdomsklubb, Austrheim kommune, og Nordhordland dykkarklubb. HavGlede går av stabelen første uken i august.

Nettside HavGlede

 

Open hall i skuleferiane

Open hall 


Sist oppdatert: 10.12.2018
Publisert: 03.12.2018