HjemFritid og ferieAktivitetsarenaer

Aktivitetsarenaer

Austrheimhallen 

Austrheimhallen er ein del av Austrheim Idrettspark.

Idrettsparken inneheld Austrheimhallen, kunstgrasbane for fotball og friidrettsanlegg med løpebaner med kunststoffdekke og sektorar for kast og hopp. Austrheim IL står for mykje av aktivitetane på kveldstid, men anlegget er ope for alle.

Spørsmål om leige av hallen kan rettast til Austrheim kommune Servicekontoret telefon 56 16 20 00 eller e-post: post@austrheim.kommune.no

 

Endurobane 

Austrheim motorsport club har bygd ei endurobane i idrettsparken.  Ta kontak med AMC om du ønskjer å bruke den. 

Ballbinger i Austrheim 

Du finn fleire ballbinger i Austrheim.

Årås skule- kan brukast etter skuletid.

Kaland skule - kan brukast etter skuletid.

Arihamrane byggefelt.

Blomhaugane / Heiane feltet - grusbane.

Aktivitetsområdet - Årås skule 

På Årås skule kan du bruke leikeplassen og ballbingen når skulen er stengd. 

Her finn du klatrestativ, disser, seilebaner, sandkasser og liknande. 

Aktivitetsområdet -  Kaland skule

Ved Kaland skule finn du Kaland grus. Dette er ei kommunal grusbane med full storleik. Bana vert no mest nytta til kampar og trening for aldersbestemte lag i Kaland/Fonnes-området. Du finn også Sportscourt, ballbinge og leikeplass her.

Austrheim idrettspark

Austrheim Idrettspark er ein flott og moderne idrettsarena med moglegheit for mange ulike idrettar.

Idrettsparken inneheld Austrheimhallen, kunstgrasbane for fotball, friidrettsanlegg med 6 løpebaner à 400m med kunststoffdekke og sektorar for kast og hopp. Du finn også ballbinge, skaterampe, bane for enduro og ei flott turløype som går til Gasseneset.

Austrheim IL står for mykje av aktivitetane på kveldstid, men anlegget er ope for alle.  Årås skule og Austrheim vidaregåande skule brukar Idrettsparken til deira kroppsøvingstimar.

Symjebasseng på Kaland skule

Opningstider:

   
Måndag

kl: 17-18
kl: 18-19

Familie/born
(foreldre med små born vert prioritert)

Måndag kl: 19-20 Pensjonistar
Måndag kl: 20-21 Vaksne
Fredag kl: 17-21 For alle

Bassenget føl skuleruta og er stengd i skuleferiar.

Billettprisar: Vaksne kr 40,- , Born under 16 år kr 20,-       

Reglar for bruk av bassenget:
Før du badar må heile kroppen og håret vaskast med såpe. Badetøy skal vere reint og ein skal ta det på etter kroppsvasken. Det er ikkje tillate å bade med undertøy. Bleieborn skal nytte badebleie ved bading. Badegjestar som av ulike grunnar treng å nytte heildekkande badetøy, må vaske heile kroppen og håret og dusje badetøyet før ein tek det på seg.

Temperatur:
Vatnet i bassenget held i utgangspunktet 28-30 grader heile veka.
Tidlegare var det ekstra oppvarma (over 30 grader) på måndagar, men i dag er temperaturen tilnærma lik alle dagar.

Bassenget vert drifta av Austrheim svømmeklubb. Dei har ei gruppe på Facebook for sine medlemmer (lukka gruppe), den finn du her på denne lenka:

Årås gras

Austrheim IL eig og driv ei flott grasbane ved Austrheim samfunnshus. Denne inneheld både full 11-er bane og eit treningsfelt.

Bana er arena for ein del treningar, kampar og ikkje minst til den årlege Austrheim Cup.

Open hall i skuleferiane

Open hall 


Sist oppdatert: 06.08.2020
Publisert: 03.12.2018