HjemBarnehageSøkje spesialpedagogisk hjelp

Søkje spesialpedagogisk hjelp

Slik søkjer du

Søknadsskjema finn du her saman med annan informasjon om Fensfjorden PPT (klikk her)

Det er ikkje søknadsfrist. Du kan søkje om spesialpedagogisk hjelp heile året.

  • Før du søkjer må PP-tenesta skrive ei sakkunnig vurdering med utgreiing og tilråding. 
  • Deretter må du som forelder eller føresett sende ein søknad om spesialpedagogisk hjelp til kommunen.
  • Kommunen gjer eit enkeltvedtak.
  • Det er kommunen som er ansvarleg for å gje den spesialpedagogiske hjelpa, uavhengig av om barnet har plass i kommunal eller privat barnehage.
Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kva får du?
  • Tidleg hjelp og støtte til utvikling og læring av til dømes språklege og sosiale ferdigheiter.
  • Vi kan gi hjelpa enkeltvis eller i gruppe.
Krav til søkjar
  • Barnet ditt må vere mellom 0-6 år.
  • Barn i skulealder kan også søkje om spesialundervisning. Trykk her for å lese meir om spesialundervisning for elevar i grunnskulen.
Kva seier lova?

Trykk her for å lese meir om retten til spesialpedagogisk hjelp i barnehagalova § 19a


Sist oppdatert: 19.03.2024
Publisert: 27.06.2018