HeimBarnehageSøkje eller endre plass

Søkje eller endre plass

Slik søkjer du

Søkje barnehageplass  2019/2020 

Søkje barnehageplass 2018/2019

Om du skal sende ekstra dokumentasjon, merk det med "barnehagesøknad" og send det til:

Austrheim kommune,
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Hugs at du må sende ny søknad sjølv om du står på venteliste!

Søknadsfrist 1.mars 2019

 

Vedtekter for kommunale barnehagar i Austrheim

 

Kva skjer etter at du har sendt søknaden?

Du som søkjer plass i hovudopptaket får:

  • stadfesting på e-post med ein gong du har sendt søknaden
  • tilbodet eller avslaget kjem i posten til den adressa du har gitt oss i søknaden

 Du som søkjer ledige plassar utanom hovudopptaket får:

  • stadfesting på e-post med ein gong du har sendt søknaden
  • berre skriftleg svar dersom vi har ledig plass, og vi kan gi deg eit tilbod
  • ikkje svar om vi ikkje har ledige plassar, men søknaden din hamnar automatisk på ventelista vår

Kva kostar det?

Betaling
TIMETAL TAL DAGAR PR. VEKE SATS PR. MND FRÅ 01.01.19 SATS PR. MND FRÅ 01.08.19
45 t/v 5 kr. 2.990 kr. 3 040
36 t/v 4 kr. 2.392 kr. 2.432
27 t/v 3 kr. 1.794 kr. 1.824
18 t/v 2 kr. 1.196

kr. 1.216

  • Juli er betalingsfri månad
  • Sats pr. dag for ekstra dag: kr. 275,- inkl. matpengar
  • Søskenmoderasjon: 30 % søskenmoderasjon for 2.barn, og 50 % søskenmoderasjon for 3.barn og oppover.
  • For sein henting. Kr. 164,- pr. påbegynt kvarter
  • Matpengar: Varierer etter antal dager og litt frå barnehage til barnehage
Redusert betaling

Du kan få redusert pris dersom du har fleire barn i barnehagen, eller har låg inntekt.

 Trykk her for å lese meir om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid.

 

Har du rett på plass?

Kven har rett på barnehageplass?

For å ha rett til barnehageplass må du:

  • bu i kommunen
  • bu i Åsheim-krinsen i Lindås. Austrheim kommune har eigen avtale vedrørande barn frå Hope/Keilen i Lindås kommune
  • søkje barnehageplass innan fristen for hovudopptaket 1. mars

Dersom barnet ditt fyllet 1 år i august, september, oktober eller november har du rett på plass den månaden barnet ditt fyller år. Barn som er fødde desse fire månadane må med andre ord ikkje betale for plassen før dei startar i barnehagen.

Hovudopptaket skjer i perioden frå mars til juni. I denne perioden kan du ikkje endre på søknaden.

Du kan sjølvsagt søkje barnehageplass utanom hovudopptaket og få tilbod om vi har ledige plassar.

Har barnet ditt rett til prioritet?

Kommunen skal prioritere å gi plass til følgjande barn i hovudopptaket:

  • barn med nedsett funksjonsevne
  • barn med vedtak etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd

Søkjer du plass til eit barn med rett til prioritet? Hugs å sende dokumentasjon til kommunen innan søknadsfristen 1. mars.

 

Flytte, bytte eller seie opp plass?

Flytte eller bytte plass?

Flyttar du til ein annan stad i kommunen kan du behalde barnehageplassen du har. Ønskjer du plass i ein annan barnehage, må du sjølv søkje om ny barnehageplass.

Bruk det vanlege søknadsskjemaet, men kryss av for at du ønskjer å bytte barnehage.

Trykk her for å gå til barnehagelova.

Reglar for oppseiing
  • Endring av plass kan i utgangspunktet berre skje dersom det ikkje fører til at vi får tomme plassar i barnehagen.
  • Skal barnet ditt slutte i barnehagen i løpet av barnehageåret, må du sende ei skriftleg oppseiing av plassen minst 3 månader før barnet skal slutte.
  • Dersom barnet sluttar etter 1. april, kan vi krevje betaling for resten av barnehageåret.
  • Du treng ikkje å seie opp plassen når barnet ditt startar på skulen. Dette skjer automatisk for barn i både private og kommunale barnehagar.
Slik seier du opp plassen din

Vi har felles skjema for søknad og oppseiing av barnehageplass. Kryss av for at du skal seie opp plassen din.


Skjema for barnehageåret 2018/2019: Trykk her for å gå til skjema
Private barnehagar har eigne vedtekter.


Sist oppdatert: 09.01.2019
Publisert: 19.04.2018