HeimFaktura og rekningar

Faktura og rekningar

Betale faktura frå Austrheim kommune?

Kva bankkonto skal du betale til?

Alle faktura frå Austrheim kommune (ikkje skattekrav) skal betalast til bankkonto 1503.96.25390 som også er oppgitt på faktura. Ikkje gløym å oppgi aktuell KID-referanse for å sikre rask og korrekt behandling av innbetalinga di. Dersom KID-referanse manglar kan du skrive kundenummeret ditt som er oppgitt på faktura.

Ved betaling frå utanlandsk bank må du bruke fylgjande bankadressekodar for å identifisere mottakar sin bank i Norge:

  • IBAN-KODE:  NO4315039625390
  • SWIFT/BIC-adresse:   DNBANOKKXXX

Kva måte vil du betale fakturane dine på?

  • eFaktura: Med eFaktura mottek du alle faktura frå Austrheim kommune ferdig utfylt rett i nettbanken din i staden for i postkassa.  Du slepp å taste KID- og kontonummer, alt du treng å gjere er å klikke OK for å betale faktura på aktuell forfallsdato.
  • Avtalegiro: Du kan også inngå Avtalegiro med banken din for trekk av faste faktura pr månad.
  • Faktura pr post: Du kan også få tilsendt faktura pr epost – då må du kontakte rekneskapsavdelinga eller sende mail til faktura@austrheim.kommune.no der du opplyser om namn, kundenummer, adresse og e-postadresse.

Har du spørsmål om innbetaling av faktura?

Ta kontakt med rekneskapsavdelinga vår

Har du spørsmål om innhaldet i fakturaen?

Ta kontakt med fagavdelinga du har kjøpt tenesta hos.

  • Spørsmål om vatn-, avløp- og slamgebyr: Ring Austrheim servicekontor på 56162000 og be om å få snakke med VA-avdelinga
  • Spørsmål om feiegebyr: Ring Austrheim servicekontor på 56162000
  • Spørsmål om barnehagefaktura: Ta kontakt med den barnehagen til barnet ditt
  • Spørsmål om skulefritidsordning: Ta kontakt med skulen til barnet ditt
  • Spørsmål om praktisk bistand: Ring Austrheim servicekontor  på 56162000 
  •  Spørsmål om faktura eller gebyr for andre tenester: Kontakt Austrheim kommune, Servicekontoret,  telefon 56162000

Tilskot og gåver

Andre innbetalingar til kommunen (der det ikkje er sendt faktura) skal du betale til konto 15941180407.

  • IBAN-KODE:  NO7215941180407
  • SWIFT/BIC-adresse:   DNBANOKKXXX

Merk innbetalinga, til dømes med tilskot eller gåver.

Sende faktura til kommunen?

Austrheim kommune krev elektronisk faktura i såkalla "EHF-format" på alle typar innkjøp og bestillingar frå 1. januar 2015.  Her er viktig informasjon om kva som skal til for at verksemda di skal kunne sende elektronisk faktura til Austrheim kommune.

EHF er ei forkorting for Elektronisk HandelsFormat. Ein slik faktura vert overført elektronisk frå seljar til kjøpar sitt økonomisystem.

Austrheim kommune nyttar Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) sin standard for elektronisk faktura. På denne måten blir vi meir effektive!

Her kan du lese meir om ordninga:

EHF-standarden er forankra i Forskrift om IT-standard i offentleg forvaltning.

Les meir om ordninga på nettsidene til Difi:  Om elektronisk faktura

Austrheim kommune sitt organisasjonsnummer er:  948 350 823

Kan du ikkje verksemda di levere ein EHF?

Sende faktura på epost til faktura@austrheim.kommune.no

Sender du faktura på denne måten, hugs å få med følgjande opplysningar:

  • Firmanamn, organisasjonsnummer,  merverdiavgiftspesifikasjon, fakturanummer, fakturadato, forfallsdato, fakturasum, bankkonto og eventuelt KID

 

Digitalisering av fakturautsendelsen

Austrheim kommune jobbar i disse dagar med innføring av ny rutine for distribusjon av fakturaer for å auke graden av digital utsending. Dette for å lette arbeidet både for oss, og for dykk som mottar fakturaer.

Den nye løysningen inneberer at alle faktura blir forsøkt sendt digitalt, via AvtaleGiro, eFaktura, Vipps Regning, digital postkasse (Digipost ) eller som vedlegg i en e-post. Dersom dette ikkje er mogleg blir fakturaen levert som papirfaktura i postkassen din.

AvtaleGiro

Dersom du som kunde har AvtaleGiro, vil også betalingsvarselet bli forsøkt distribuert digitalt. Den nye fakturablanketten vil ikkje ha noko girodel til brevgiro. En god løysing for deg som ikkje har nettbank eller andre digitale løysningar vil da være å opprette AvtaleGiro, så får du tilsendt belastnings oppgåve i posten eller informasjon på kontoutdrag frå banken.

eFaktura

eFaktura er vår mest føretrekte distribusjonskanal, og vi vil anbefale alle våre kundar å opprette eFakturaavtale i banken. eFaktura sikrar at fakturaen kommer kjapt frem, samt at den er ferdig utfylt så du slepp å taste kontonummer, KID og beløp.

Faktura via Vipps

Gjennom den nye løysningen har vi nå moglegheit til å tilby Vipps Regning. Dette forut setter at du nyttar Vipps, og har aktivert Vipps Regning inne i appen. I tillegg må du være registrert med gyldig mobiltelefonnummer i vårt kunderegister. Ta kontakt med oss og oppgjæv telefonnummer dersom du ønsker å ta imot fremtidige fakturaer på Vipps.

Faktura i Digipost / eBoks

For å ta imot faktura på Digipost fordrer det at du har opprettet en digital postkasse hos en av disse leverandørene. Dersom du allereie har avtale om eFaktura eller avtalegiro med kommunen vil disse være føretrekke før Digital Postkasse.

Faktura som vedlegg i e-post

Ønsker du å få fakturaen tilsendt som et PDF-vedlegg til e-post, kan du kontakte oss for å få registrert din epostadresse i vårt system. Vi må presisere at dersom du har andre digitale kanalar som avtalegiro, eFaktura, Vippsfaktura eller Digital postkasse, vil disse bli føretrekte framfor epost.

Faktura levert i postkassa

Dersom vi ikkje får treff i nokon digitale kanalar, vil fakturaen bli levert i postkassa på same måte som tidlegare. Den nye blanketten har ikkje girodel, så om man ønsker å nytte brevgiro må man fylle ut en tom giroblankett. Tomme giroblankettar kan de få i banken, eller på servicetorget i kommunen. På servicetorget kan du også få hjelp til utfylling av giro dersom dette er ønskeleg


Sist oppdatert: 17.01.2019
Publisert: 26.11.2018