HeimNyheterVarslar ekstreme nedbørsmengder

Varslar ekstreme nedbørsmengder

Fylkesmannen har sendt dette varselet til kommunane:

NVE har oppgradert varsel for jord- og flaumskredfare til oransje nivå for Hordaland frå i kveld, onsdag. Det er venta mykje regn og kraftige regnbyger frå onsdag kveld, lokalt opp mot 110 mm nedbør fram til torsdag føremiddag, og det kan komma opp mot 60 mm/3 timar. Det er usikkerheit knytt til både plassering og nedbørsmengde, men per no viser prognosane at midtre strøk av Hordaland vil kunne vera mest utsett.

Varsel for flaumfare er framleis på gult nivå for Vestlandet.

Følg med på varsom.no.


Sist oppdatert: 28.08.2019
Publisert: 28.08.2019