Val 2023 - Manntall
Lurer du på om du står i manntalet i Austrheim? Det må du gjera, om du skal røysta hjå oss på valdagen.
Publisert:
12.07.2023
Sist endra:
12.07.2023
Alle som har røysterett er manntallsført.
Kvar du er manntallsført og har røysterett er avhengig av kva kommune du er folkeregistrert som busett i, den 30. juni i valåret. Denne datoen vert kalla skjeringsdatoen.
Om du registrerer flytting til ein annan kommune etter 30. juni i valåret, har du røysterett i din gamle bustadkommune. Om du registrerer flytting før 30. juni, vil du ha røysterett i din nye bustadkommune.
No er manntalet for Austrheim tilgjengeleg i Servicekontoret og på biblioteket. Sametingets valmanntal er også lagt ut.