Unngå frostlekkasjar
No som minusgradene kjem krypande er det viktig å ta ein sjekk av utekranar og liknande. Hageslangar som er kopla til slange kan frysa slik at ein får unødvendig tapping av det kommunale vassnettet.
I tillegg kan slike frostskader gje den enkelte huseigar kostnader dersom det er sjølve krana som frys og må skiftast. Det beste er å ha ein utekran som stenger vasstilkomsten på innsida av ytterveggen.
Me gjer også merksam på at det ikkje er lov å "frosttappa", la det renna litt frå krana der du er redd for frostskader. Om du ikkje brukar hytta/bustaden skal næraste hovudkran stengast og røyra tappast for vatn. Om du brukar bustaden må du sjå til at romma ikkje har temperatur særleg under 10 grader.
Sist oppdatert:
15.11.2019
Publisert:
15.11.2019