HjemNyheterUnn deg ein sløyd-opptur

Unn deg ein sløyd-opptur

Dreiing

På Vesttun Gard – Løeloftet, vert det starta opp eit tilbod for dei som likar å jobba med trearbeid. Du kjem når du ynskjer i opningstida. Lærar er tilgjengeleg det meste av tida, men du arbeider og sjølvstendig. Av utstyr er det blant anna høvlebenkar, dreiebenkar og handverktøy.

Har du lyst og interesse for å utforska treets «mangfaldigheiter», kan dette vera eit tilbod som kan gleda deg sjølv og andre – no som det snart er juletider.

Opningstider - frå 16. oktober til 19. desember 2019:
Onsdag: 10.00 - 13.00 
Torsdag: 17.00 – 20.00 

Kostnader - kr. 1200.-  for ein dag i veka i heile denne perioden.

Materialkostnader kjem i tillegg, eller du har dette med sjølv.
For meir informasjon og påmelding, ring til Mathias Sætre tlf. 91379306.


Sist oppdatert: 10.10.2019
Publisert: 10.10.2019