HjemNyheterUKM 2020 i Nordhordland

UKM 2020 i Nordhordland

 

Ungdommens kulturmønstring

Påmeldinga opnar 1. november, og vert avslutta torsdag 19. januar. Det er ikkje mogleg å trekka seg etter at påmeldingsfristen er ute.

På UKM kan du delta med det meste, her er det berre kreativiteten som kan stoppa deg. Du kan til dømes delta som musikar, med band, litteratur, kunst, standup, dans, turn, og som filmskapar, konferansier, fotograf, konferansier og ung arrangør.

UKM Nordhordland er eit samarbeid mellom kommunane Fedje, Masfjorden, Austrheim og Alver (Radøy, Lindås og Meland). Nedre aldersgrense er 10 år, og øvre aldersgrense er 20 år. Nokre ungdomar vert plukka ut til å representera regionen på fylkesmønstringa 24. – 26. april på Voss, aldersgrense der er 13 år.

I Nordhordland UKM er ungdom i fokus. UKM er for og av ungdom. Me har i fleire år hatt unge arrangørar med på planlegginga og gjennomføringa av UKM. Nytt frå i år er at ungdom kan senda inn søknadsskjema om å delta som Ung arrangør. Dessverre så er det avgrensa tal plassar. Fristen er sett til torsdag 7. november for å senda inn skjema. Grunnen til at det er søknadsfrist, er at dei unge arrangørane skal få arbeida tett saman med arrangørar for å planlegga mønstringa i 2020. For å bli med som ung arrangør må du vera fødd i 2004-2000. For meir informasjon om oppgåver til unge arrangørar, og møtedatoar, les og fyll ut dette skjemaet (ekstern lenke til Google Docs).

Me har også i 2020 husband på plass. Ønskjer du å delta saman med husbandet, må du skriva dette inn under «teknisk» i samband med påmeldinga. Me har flinke musikarar på plass, med god kunnskap i å følgja opp ungdom innan musikk og UKM. Du får øva med bandet (10-15 minutt per innslag) fredag 31. januar på dagtid/kveld. (Det er planleggingsdag for skulane denne dagen, og dermed fri). Treng du komp til klassisk innslag må du skriva dette inn under «teknisk» i samband med påmeldinga.

Kunst: Du kan delta med inntil tre kunstverk på lokalmønstringa. Nytt frå i år er at kunsten skal leverast inn dagen før mønstringa, fredag 31. januar, mellom klokka 13.00 og klokka 15.00. Her får ein vera med på å henga opp/plassera kunsten, og utstillarar vert intervjua av konferansierar.

Konferansierar på mønstringa: Ungdom kan melda seg på som konferansier, og får tildelt ei framsyning saman med ein annan ungdom. Det er avgrensa tal plassar, og påmeldinga vert stengt når det er fullt. Me ynskjer at ungdom som er meldt på, ikkje trekkjer seg undervegs. Konferansierar må delta på ein konferansier-workshop fredag 31. januar på dagtid.

Ungdom kan også melda seg på som media-deltakarar. Her er det avgrensa plassar, og påmeldinga vert stengt når det er fullt. Som media-deltakar tar ein bilde av deltakarar både framfor og bak scena. Alle deltakarar her må ha med eige fotoutstyr, som fungerer for å kunne ta bilde av deltakarar på ei stor scene. UKM media er ein læringsarena, men det er tilrådd at ein har kunnskap om utstyret ein har med, og kan bruka det. Alle på media må delta på ein workshop fredag 31. januar på dagtid. UKM Nordhordland har dessverre ikkje fleirkamera.

Påmelding her (ekstern lenke).


Sist oppdatert: 29.10.2019
Publisert: 29.10.2019