HjemNyheterTreng du hjelp til livsstilsendring?

Treng du hjelp til livsstilsendring?

Då kan du vera med på eit kurs Alver kommune arrangerer i haust, og læra meir om korleis du kan endra levevanene. Påmeldingsfristen er 15. august.
Publisert: 08.08.2023
Sist endra: 08.08.2023

Kurset heiter Lev (Livsstilsendringskurs for vaksne), og der kan du læra korleis du meistrar sjukdom og belastningar gjennom endring av levevaner, til dømes ved å balansera kvardagens gjeremål, eta sunnare og vera meir fysisk aktiv.

Kurset baserer seg på Helsedirektoratet sine råd, og er ei kursrekke der kvar kurskveld bygger på kunnskap frå ein tidlegare kurskveld.

I tillegg til kurskveldar vil du også få individuell samtale ved oppstart og slutt.

Rådet er å følgja heile kursrekka frå start til slutt. Kurset går på ettermiddags- og kveldstid, frå klokka 16.15 til 19.30.

Planlagde kursdatoar for hausten 2023:

  • Onsdag 13. september
  • Onsdag 27. september
  • Onsdag 11. oktober
  • Onsdag 25. oktober
  • Onsdag 8. november
  • Onsdag 22. november

Trykk her for å gå til påmeldingsskjema (Microsoft Forms - ekstern lenke).

Påmeldingsfrist: 15. august 2023.

Du kan nå arrangørane på telefon 40 91 04 88, eller e-post: frisklivogmeistring@alver.kommune.no

Friskliv og meistring har ei eiga nettside hjå Alver kommune, klikk her for å lesa meir (ekstern lenke)