Tilskotsordning frå Næringsfondet i Austrheim kommune

Næringsfondet vårt skal nyttast til å styrke sysselsetting, verdiskaping, innovasjon og næringsutvikling i Austrheim kommune. Målet er å skape fleire nye bedrifter og arbeidsplassar, og vidareutvikle eksisterande bedrifter. Austrheim formannskap er fondsstyre.

Sjå eller Retningsliner for næringsfondet i Austrheim kommune

 

Retningsliner frå stat og fylkeskommune til dette øyremerka tilskotet vil verta følgd opp i sakshandsaminga. Alle tilskot gjeve etter reglane om offentleg støtte skal registrerast i regionalforvaltning.no. Bedrifter som har søkt Næringsfondet vårt i år, og som har fått avslag treng ikkje å søkja igjen, deira søknad vil verta vurdert på nytt.


Søknadsfrist er sett til 1. september 2020.
Send søknad til post@austrheim.kommune.no
Merk søknaden "Søknad til Næringsfondet i Austrheim kommune 2020"

 


Sist oppdatert: 04.08.2020
Publisert: 24.07.2020