HeimNyheterTemamøte om demenssjukdom

Temamøte om demenssjukdom

Tema for kvelden er: "Korleis ta vare på seg sjølv oppi alt det vanskelege som demenssjukdom fører med seg, både for dei som er sjuke og dei som er i næraste familie?". Møtet er i Austrheimstova, kantina på Austrheim rådhus, frå klokka 18.00 til 20.30.

Det er Lisbeth Sjursen som vil fortelja om sine erfaringar som dotter til to foreldre med demenssjukdom. Temamøtet er ein del av Nasjonalforeningen for folkehelsen sin årlege demensaksjon, og er meint for både pårørande til personar med demens, helsepersonell og andre interesserte.

Etter føredraget vert det pårørandekafé med enkel servering, for dei som ønskjer å snakka litt med andre i same situasjon.

Nasjonalforeningen for folkehelsen er ein frivillig, humanitær organisasjon med helselag og demensforeiningar over heile landet. Organisasjonen jobbar for å bekjempa hjarte- og karsjukdommar og demens, eit arbeid som skjer gjennom forsking, informasjon, førebyggande tiltak og helsepolitisk arbeid. Nasjonalforeningen er interesseorganisasjon for personar med demens og deira pårørande.

Arrangementet er gratis, men det blir moglegheit til å støtta Nasjonalforeningen sitt arbeid for demensforsking.


Sist oppdatert: 29.08.2019
Publisert: 29.08.2019