HeimNyheterTa vaksine mot influensa

Ta vaksine mot influensa

Helsetenesta i Austrheim rår til at følgjande personar tek imot tilbod om vaksine mot influensa:

Risikogrupper:

Alder og underliggande sjukdom:

• Personar som er 65 år eller eldre
• Vaksne og born med alvorlege luftvegssjukdomar, spesielt personar med nedsett lungekapasitet.
• Vaksne og born med kroniske hjarte/karsjukdomar, spesielt personar med alvorleg hjartesvikt, lågt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon
• Vaksne og born med nedsett infeksjonsresistens
• Vaksne og born med diabetes mellitus (både type 1 og type 2)
• Vaksne og born med kronisk nyresvikt
• Vaksne og born med kronisk leversvikt
• Vaksne og born med kronisk, nevrologisk sjukdom eller skade
• Vaksne og born med svært alvorleg fedme, dvs. kroppsmasseindeks (BMI) over 40 kg/m2
• Bebuarar på alders- og sjukeheim

Graviditet:
• Gravide i 2. og 3. trimester.
• Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko kan vurderast for vaksinasjon

Det vert i år òg gjeve tilbod om pneumokokkvaksine (dvs. vaksine mot diverse luftvegsinfeksjonar).

Tilbodet gjeld same risikogrupper som for influensavaksinen, men og til personar utan milt/nedsett miltfunksjon.

Legane prioriterer kven som treng pneumokokkvaksine, ut frå etterspurnad.

Prisar:

Influensavaksinen kostar kr. 150,-
Pneumokokkvaksinen kostar kr. 350,-

Det er fint om de tek med akkurat den summen vaksinen kostar, vekslepengar kan vera eit problem.

Vaksinasjonsdagar:

Tysdag 29. oktober kl. 13.00-15.00
Torsdag 31. oktober kl. 15.00-17.00

Me ser helst at dei som skal ha vaksine møter ein av desse dagane.

Stad: Austrheim legekontor, på kommunehuset.
For spørsmål kontakt Austrheim legekontor tlf.: 56 16 82 00

Austrheim legekontor – Kommuneoverlegen


Sist oppdatert: 16.10.2019
Publisert: 16.10.2019