HjemNyheterSykkelritt i Austrheim

Sykkelritt i Austrheim

Sykkel

I samband med at Nordhordland Sykkelklubb skal arrangera NM for Masters helga 29. og 30. juni, vert det ein syklar på vegane både i Austrheim og elles i regionen.
Laurdag 29. juni er det temporitt, her det start og mål ved Austrheim samfunnshus, og syklistane syklar så langs fylkesveg 565 til Soltveit på Radøy, der dei snur og syklar same veg tilbake.

Første start er klokka 09.00 laurdag, og så startar deltakarane med eit minutts intervall. Ein må pårekna at det er mange syklistar ute både før og etter sjølve konkurransen, så her er det berre til å ta det med ro som bilist. For dei som har ærend i Knarvik eller Bergen laurdag er det nok best å kjøra over Lindås. 

Søndag er det fellesstart, dette rittet har start i Alversund og går i ei rundløype over Erstadfjellet, til Seim og tilbake rundt Litleskare og til Kvamsvågen for ny runde over Erstadfjellet. Dette rittet går ikkje ut på fylkesveg 57, og vil såleis ikkje påverka trafikken anna enn for dei som bur langs rundløypa. 

Du kan lesa meir om ritta på nettsida til Nordhordland Sykkelklubb, klikk her.  


Sist oppdatert: 27.06.2019
Publisert: 27.06.2019