HjemNyheterStenger veg Åråsvågen

Stenger veg Åråsvågen

Grunna arbeid med ny pumpestasjon i Åråsvågen blir vegen ned til Åråsvågen stengt for både kjørande og fotgjengarar, måndag 27. og tysdag 28. mars. Dette omfattar både dei som skal til båthamna, og dei som skal ta gangvegen mellom Åråsfeltet og Mastrevik Torg.

Stenginga inneber at dei som skal gå frå Åråsfeltet til Mastrevik Torg må gå via gamle kommunehuset og gangvegen der. Det vert heilt stengt for å bruka gangvegen mellom Åråsfeltet og mot Vestlia/Nordliheimen, sjå raud merking for kva som er stengt.

Skal du ned i båthamna kan du bruka gangvegen frå Åråsfeltet ned til hamna, sjå gul merking på kartet.

kart stengt veg Åråsvågen


Sist oppdatert: 24.03.2023
Publisert: 24.03.2023