Stenger vatnet på Litlås
Arbeidet startar klokka 19.00 onsdag kveld. Etter planen skal vatnet vera tilbake i dette området rundt midnatt, men det kan også gå litt ut på natt til torsdag. Når vatnet er tilbake må ein tappa kaldt vatn i den kranen som er nærast inntaket, til det er fritt for luft og farge.
Abonnentar vestover i kommunen vert forsynte frå vasstårnet på Årås i denne perioden.
Det er sendt SMS-varsel om stenginga til dei som bur i området.
Sist oppdatert:
19.03.2024
Publisert:
19.03.2024