HeimNyheterStenger vatnet i Mastrevik

Stenger vatnet i Mastrevik

På grunn av omlegging av vassleidningsnettet i Mastrevik, vert vatnet stengt frå klokka 21.00 tysdag 2. juli til 06.00 onsdag 3. juli.

Stenginga vil påverka abonnentar i Mastrevik-området. Abonnentane vest for Mastrevik, og nord til Toftegård, vert forsynte frå høgdebassenget, og vil ha vatn også under stenginga. Men også andre  enn innbyggjarane i Mastrevik kan få dårleg trykk og bortfall av vatn. 

Det er bra om folk tek omsyn til at det er redusert kapasitet i denne perioden.

Får du brunt vatn i springen etter at det har vore avstengt kan du la det renne  kaldt vatn til det blir klart og fint att. 


Sist oppdatert: 02.07.2019
Publisert: 27.06.2019