HeimNyheterStenger Alversundbrua i periodar - 18. til 22. september

Stenger Alversundbrua i periodar - 18. til 22. september

Om du innimellom har ærend i Knarvik eller lengre sør, og likar å ta den smale veg over Radøy, er det greitt å få med seg denne meldinga frå Statens vegvesen.
Publisert: 13.09.2023
Sist endra: 15.09.2023
  • I perioden frå måndag 18. september og til fredag 22. september skal det gjerast vedlikehaldsarbeid på Fv565 Alversundbrua, og brua kan bli stengt i inntil 2 timar på kveld og natt.
  • Arbeidet vil starta klokka 21.00 på kvelden, og fram til klokka 23.00 kan brua bli stengt i inntil 30 minutt.
  • I tida mellom klokka 23.00 og klokka 05.00 kan brua bli stengt i inntil to timar.
  • Kjem du gåande slepp du forbi.
  • Kjøretøy under utrykning får passera utan ventetid.
  • Statens vegvesen ventar at arbeidet er gjort på fire økter, altså at torsdag kveld/natt til fredag er siste runde med arbeid og stenging.
  • Arbeidet vert varsla med skilting, melding til avisene, og SMS frå Statens Vegvesen til alle innbyggjarar i kommunane Alver og Austrheim.
  • I tillegg får du altså vita det her, og kanskje er det nokon på Fedje som bør få eit tips også.

Elles er det fri ferdsel over Lindås, om ein skulle på ærend sør for Alversundbrua i den tida arbeidet pågår.