HeimNyheterStatus vaksinering per 19. februar

Status vaksinering per 19. februar

Austrheim kommune starta ved nyttår med vaksinering mot Korona, og har så langt fått tildelt dosar med Pfizer sin vaksine. Denne skal gis i to dosar med tre vekers mellomrom.

Per fredag 19. februar er det sett 212 dosar. Mange har fått to dosar og er ferdig vaksinerte, men ein del ventar på dose to. I veke 8 og 9 vert det berre revaksinering, altså ingen får den første dosen desse vekene.

Vaksineringa skjer etter den nasjonale prioriteringslista, den finn du skildra i teksten her. Per no er ein komme til aldersgruppa 75 - 84 år.

Legekontoret tar kontakt med dei som skal vaksinerast, slik at ein får beskjed når det nærmar seg turen for å kunna ta vaksinen. 

Koronavaksinen er gratis.


Sist oppdatert: 23.02.2021
Publisert: 19.02.2021