HjemNyheterStatleg støtte sikrar gratis sommarskule

Statleg støtte sikrar gratis sommarskule

Forskerfabrikken, elevar

Som dei siste åra arrangerer Forskerfabrikken sommarskulen "Forskerlab" i Austrheim, i samarbeid med kommunen. 

Sommerlab er eit femdagars forskarkurs for elevar som skal byrja på 5.–7. trinn til hausten. Kursinnhaldet i 2021 er likt innhaldet i 2020, les meir om Forskerlab på denne lenka, klikk her (ekstern lenke).

Dei siste åra har kommunen subsidiert eigenandelen, for å sikra at flest mogleg kan delta på dette gode tilbodet i sommarferien. Dette året har regjeringa sett av eigne midlar som kommunane kunne søka på til denne typen tilbod. Austrheim søkte og fekk ein god pott, og dette gjer Forskerlab heilt gratis for elevane, i tillegg til at kommunen har midlar igjen til andre typar sommarskule.

No vert det to veker med Sommarskule i år, i veke 25 og veke 26. Dette er ei utviding sikra av den statlege støtta, i utgangspunktet var det kun meint veke 25. Dei som var påmeldt til veke 25 og hadde betalt, vert prioriterte til å vera med, men får refundert eigenandelen.

Påmeldinga til Sommerlab i Austrheim opnar onsdag 28. april klokka 09.00.

Kvar veke har 26 elevplassar. Tilbodet er 09-15, måndag til fredag i ei veke. Ein kan delta på ei veke. Det er krav om at eleven har adresse i Austrheim kommune.

Her er linken til påmelding for veke 25, start måndag 21. juni (klikk her - ekstern lenke): (Påmeldinga opnar onsdag 28. april klokka 09.00)

Her er linken til påmelding for veke 26, start måndag 28. juni (klikk her - ekstern lenke): (Påmeldinga opnar onsdag 28. april klokka 09.00)


Sist oppdatert: 21.04.2021
Publisert: 21.04.2021