HjemNyheterSpørjetime 11. april

Spørjetime 11. april

I retningslinjene for spørjetimen heiter det at alle kan stilla spørsmål, men desse må vera innmelde og avklara med ordførar (Per Lerøy) seinast seks timar før møtet. Om ein ønskjer utfyllande svar må spørsmåla meldast til ordføraren seinast 48 timar før møtet. Ordføraren når du på e-post: per.leroy@austrheim.kommune.no

Møtet er i Austrheim samfunnshus, og startar med spørjetime frå klokka 18.00.

Spørsmålsstillar får høve til å stilla eitt oppfølgingsspørsmål.

Det kan ikkje stillast spørsmål om saker som står på saklista til dette kommunestyremøtet, og spørsmål kan ikkje realitetshandsamast i møtet.

Spørjetimen varer normalt inntil ein halv time, men ordførar kan avgjera at det i einskilde tilfelle skal setjast av meir tid til spørjetimen.

Politiske møte framover:
Kommunestyret torsdag 11. april, Austrheim samfunnshus klokka 18.00.
Formannskapet fredag 3. mai, Austrheim kommunehus klokka 09.00.
Kommunestyret torsdag 23. mai, Austrheim samfunnshus klokka 18.00.
Formannskapet onsdag 29. mai, Austrheim kommunehus klokka 09.00.


Sist oppdatert: 02.05.2019
Publisert: 03.04.2019