HeimNyheterUTGÅR: Spar på vatnet!

UTGÅR: Spar på vatnet!

Høgt forbruk gjev dårleg trykk i krana i deler av kommunen.

I påska vart det innført forbod mot vatning og spyling, for å spara på vatnet. Dette forbodet gjeld framleis, sjølv om nivået i vasstårnet har auka noko denne første veka etter påske.

Det er viktig at alle etterlever forbodet, slik at der er drikke- og vaskevatn også til dei som bur i "endane" på vassleidningane. Austrheim kjøper vatn frå nabokommunen Lindås, og dette kjem såleis frå Kaland-sida og vestover til høgdebassenget på Årås. Dei siste dagane har forbruket vore større enn forsyninga, og då fell trykket raskt.

Elles kan det nemnast at administrasjonen jobbar med ulike løysingar for å betra trykket i vassnettet, mellom anna er det aktuelt med mindre trykkaukestasjonar fleire stader.

Når krana er tørr

Den nye bilen bør spylast, 
sjå plenen er som ørken.
Og båten den må vaskast,
men så er det denne tørken?

Er det nokon som kan oppdaga,
om eg berre spyler littegranne?
Ingen kan vel bli anklaga, 
for å søla frå ei tiliterskanne?

Men tenk på dei ytst i øyne,
som bur i enden på slangen.
Det er dei som får røyne, 
den fæle hule klangen.

Ja, når dei opnar krana, 
så kjem det mest berre luft.
Dei kjenner seg rana, 
og ber naboar ta til fornuft.

Så la alle få sine fulle bøtter,
dropar til både drikking og vask.
I påska treng alle reine føtter,
du: Ikkje ver ein spyleslask!


Sist oppdatert: 02.05.2019
Publisert: 20.04.2019