HjemNyheterSøk om tilskot til mangfald- og inkluderingstiltak

Søk om tilskot til mangfald- og inkluderingstiltak

Idrett og fysisk aktivitet kan vera både organisert idrett og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet, som til dømes friluftsliv.

I målgruppa for ordninga er:

  • Barn og unge i alderen 6-19 år i familiar med vedvarande låg inntekt.
  • Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, og jenter frå 6 til 19 år generelt i samanhengar der jenter er underrepresenterte eller opplever særskilte barrierar.
  • Personar med funksjonsnedsetting. Denne målgruppa er ikkje aldersavgrensa.
  • Noverande og framtidige unge leiarar og trenarar, opp til 26 år, som er jenter/kvinner, personar med funksjonsnedsetting eller personar med minoritetsbakgrunn.

Føremålet med tilskotsordninga er å skapa varig auka deltaking. Ein kan få tilskot til prosjekt eller eingongsutgifter.

For å søka må mottakar vera:

  • registrert i Frivillighetsregisteret, eller
  • kommunal fritidsklubb/ungdomshus

Du søker på nettet, her er lenka til Lotteri- og stiftelsestilsynet, som administrerer ordninga (ekstern lenke):

Søknadsfristen er 13. juni kl. 13.00.

Les meir om ordninga hjå Lotteri- og stiftelsestilsynet (ekstern lenke):


Sist oppdatert: 24.05.2022
Publisert: 24.05.2022