HeimNyheterSøk om støtte til landbruksdrift

Søk om støtte til landbruksdrift

Hordaland Landbruksselskap er ei ideell stifting som forvaltar kapitalen i ulike fond selskapet har til rådvelde. Dette skal skje i tråd med gjevarane sine ønskje, og til det beste for jordbruket i Hordaland.

Stiftinga Hordaland Landbruksselskap forvaltar i dag kapitalen til seks fond og legat. Bønder, forskingsorganisasjonar, forsøksringar og faglag i Hordaland kan søkja om tilskot frå avkastinga.

Fonda som ligg under Landbruksselskapet er:
-
BU-fondet: Skal gå til å ta vare på og arbeida opp den gamle norske sauerasen.
-
To fjørfefond som skal nyttast til å fremja fjørfeavlen, dette er midlar frå Anton Mindes Legat og Hordalands fjørfeavlsfond.
- "
Fabrikkeigar Anton Mindes Legat til fremme av fremragende gardsdrift og nydyrking" skal nyttast til framifrå drive gardsbruk, herunder kanalisering og opparbeiding av kulturbeite.
-
Fondet til beite- og planteutval skal nyttast til plantedyrking, utprøving av ulike sortar og dyrkingsmetodar, gjødselforsøk, beiteforsøk og fôrkonservering.
-
Hordaland Landbruksselskap sitt privatfond skal nyttast meir fritt til føremål som i vid meining kan fremja landbruket, herunder tiltak for å gjera landbruksnæringa meir kjent i samfunnet.

Søknadar om tilskot må sendast til styret innan 1. september 2019. Søknadane kan sendast som e-post til fmhokdb@fylkesmannen.no, eller til Stiftinga Hordaland Landbruksselskap, Postboks 7315, 5020 Bergen.

Spørsmål kan rettast til Kari Elsa des Bouvrie hjå Fylkesmannen, tlf. 55 57 20 22 eller fmhokdb@fylkesmannen.no.


Sist oppdatert: 11.06.2019
Publisert: 11.06.2019