HjemNyheterSlik hentar du ut Korona-testar

Slik hentar du ut Korona-testar

Henting av testar skjer på baksida av legekontoret, mellom klokka 14.30 og 15.15. Gå rundt kommunehuset og finn døra innerst under taket, ring på dørklokka, og det kjem nokon ut og leverer test.

Er du sjuk må du senda andre for å henta pakken med hurtigtest, men den som skal bruka testen må ha symptom. Om du ikkje har symptom, men ønskjer å ha eit testsett liggande, må du kjøpa deg Korona-test til dømes på apoteket.

Det same om du ikkje kan henta ut mellom klokka 14.30 og 15.15, då må du kjøpa testen på apoteket.

Det vert delt ut det tal testar som trengs etter situasjonen. Har du symptom, får du ein test. Er du husstandsmedlem til ein som er Korona-smitta, eller annan nærkontakt til ein Korona-smitta, får du fleire testar.

Er ein hurtigtest positiv, må du gå i isolasjon og bestilla ein vanleg Korona-test i regi av legekontoret.


Sist oppdatert: 10.11.2021
Publisert: 10.11.2021