Slik er aldersfordelinga i Austrheim
Kven som får tilbod om Korona-vaksine (det er frivillig å ta den) kjem for ein stor grad an på alder. Risikogrupper vert prioriterte, men for resten er det alder som er avgjerande.
Men kor gamle er eigentleg folk i Austrheim då? Her er ein tabell frå Statistisk Sentralbyrå (SSB), der dei sist oppdaterte tala er frå 1. januar 2021. Vaksine er ikkje aktuelt for dei yngste, men tala er no med her.
|
Menn |
Samla |
Kvinner |
0-9 år |
156 |
306 |
150 |
10-19 år |
193 |
348 |
155 |
20-29 år |
152 |
297 |
145 |
30-39 år |
173 |
320 |
147 |
40-49 år |
219 |
377 |
158 |
50-59 år |
210 |
385 |
175 |
60-69 år |
163 |
331 |
168 |
70-79 år |
174 |
344 |
170 |
80-89 år |
56 |
131 |
75 |
90-99 år |
6 |
20 |
14 |
100 år eller eldre |
0 |
1 |
1 |
Du kan lesa om prioritering og risikogrupper hjå Folkehelseinstituttet, klikk på lenka «Hvem kan få koronavaksine og når forventer vi å kunne vaksinere ulike grupper?»
Vaksineringsfarten i Austrheim vert påverka av kor mange vaksinedosar kommunen får. Alt frå starten ved nyttår måtte Austrheim gje frå seg ein del dosar til kommunar med meir smitte, og no i midten av mai er det varsla at kommunar med mykje smitte skal få ytterlegare vaksinedosar frå kvotane som var meint for kommunar med lite smitte.
Dette er ikkje heilt klar per 19. mai, datoen der denne artikkelen er laga. Det er også varsla at unge skal prioriterast høgare, men heller ikkje dette er heilt klart enno.