HjemNyheterSkuleungdommane snakkast på fjorden

Skuleungdommane snakkast på fjorden

Snakkast på sjøen Mastrevik 2019

Det som ein før kalla Kystsogevekene har no namnet Kystkultur.no. Heller enn berre å driva arrangement i ein bestemt periode, framsnakkar dei no kystkulturen året rundt.

Kystkultur.no reiser mellom anna rundt til skular i medlemskommunane for å dela kunnskap om livet på sjøen, og under stoppet i Austrheim fekk elevar frå begge ungdomsskulane komma til Mastrevik for å mønstra på i ro- og seglbåtar. Opplegget heiter Snakkast på fjorden, og du kan lesa meir på nettsida www.kystkultur.no.

Elevane fekk også læra om livet i fjøra og på djupet, vera med på tur med redningsskøyta, sjå forskjellen på ulike gamle robåtar, og fekk opplæring i livredning, med meir.

Snakkast på sjøen Mastrevik 2019

- Det var kjekt å læra om livredning, seier Emma Arentsen, som er niandeklassing frå Årås skule.

- Me har lært korleis det kan sjå ut når folk druknar, og det treng ikkje sjå ut som dei har panikk sjølv om dei er like ved å drukna.

Både Emma Arentsen og klassekamerat Magnus Bergsvik Sætre brukar mykje tid på sjøen på sommaren, og fartar rundt i båt saman med vener.

- Me kjører rundt, og så kan eg fiska om eg kjedar meg, seier Magnus Bergsvik Sætre.

Desse to ungdommane er altså med på å halda kunnskapen oppe om bruken av sjøen.

Snakkast på sjøen Mastrevik 2019

Snakkast på sjøen Mastrevik 2019

Snakkast på sjøen Mastrevik 2019


Sist oppdatert: 24.09.2019
Publisert: 24.09.2019