HjemNyheterSkatteoppkrevjar-tenesta flytta frå kommunen

Skatteoppkrevjar-tenesta flytta frå kommunen

Regjeringa bestemte i 2019 at oppgåvene som skatteoppkrevjaren har utført i kommunane, skulle flyttast til Skatteetaten. På grunn av Korona vart flyttinga/sentraliseringa utsett, men frå 1. november er den nye organiseringa i drift.

Skatteetaten har etter dette eit heilskapleg ansvar for fastsetting, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter. Oppgåvene som er overført frå kommunane til Skatteetaten er mellom anna innkrevjing av restskatt, skatt til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgjevaravgift, motrekning, utleggstrekk knytt til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og arbeidsgjevaravgift.

Hvis du har hatt sak under handsaming ved skatteoppkrevjarkontoret her i Austrheim, er denne saka no overført til Skatteetaten. Du kan ha fått tildelt ny sakshandsamar/kontaktperson.

Her på denne lenka finn du kontaktinfo og informasjon: www.skatteetaten.no/ny-skatteoppkreving

 

Kommunane har framleis ansvaret for innkrevjing av kommunale krav.


Sist oppdatert: 02.11.2020
Publisert: 02.11.2020