HeimNyheterSamlar ungdomsinfo i ny app

Samlar ungdomsinfo i ny app

Ung i Austrheim-app

Ungdomskoordinator Anita Soltveit har laga ein ny app som alle med smarttelefon kan lasta ned frå App Store eller Google Play.

Med appen kan unge (og foreldra) enkelt får oversikt over kva som skjer for dei unge, anten det er ungdomsklubb, open hall i Austrheimhallen, kino på samfunnshuset eller friluftsarrangement på kaien i Mastrevik eller i Årvika.

Også arrangement i andre kommunar er med på lista. Ungdommane har gjerne venner i nabokommunane og i appen er det med arrangement frå både Frekhaug og Manger. Organisasjonar som ønskjer å få arrangement inn i appen kan senda ein e-post anita.soltveit@austrheim.kommune.no for å få meir info.

Du kan enkelt finna Ung i Austrheim-appen ved å skanna denne QR-koden:

QR-kode Ung i Austrheim


Sist oppdatert: 20.08.2019
Publisert: 19.08.2019