HeimNyheterRøysting heime på valdagen 13. september

Røysting heime på valdagen 13. september

Dette er eit eige tiltak i 2021 for å sikra at dei som er i isolasjon eller karantene på grunn av Korona/Covid-19, får avlagt si røyst.

For å få røysta heimefrå på valdagen må du senda ein søknad til kommunen innan måndag 13. september klokka 10.00. Hugs å skriva på telefonnummer slik at me når deg for å gjera avtale om tid.

Søknaden kan du senda oss på e-post til post@austrheim.kommune.no, eller ringa 56162000. Fristen er altså måndag 13. september klokka 10:00, og me vil komma heim og ta i mot røysta ein gong mellom klokka 10:00 og klokka 16:00.


Sist oppdatert: 10.09.2021
Publisert: 10.09.2021