HeimNyheterRot med rekningar

Rot med rekningar

Austrheim kommune har skifta leverandør for fakturering, og det har ikkje gått heilt knirkefritt.

Ved utsending av fakturaer no i april viser det seg at ein del rekningar har enda hjå feil personar. Pass difor på at dei kommunale rekningane du betaler, er stila til deg og din husstand.

Dersom du har fått ein faktura som ikkje var til deg, må du ta kontakt med økonomikontoret, på telefon 56162000.

Du må nok også ta kontakt dersom du oppdagar at du ikkje har fått ei rekning du skulle ha hatt, til dømes barnehage eller kommunale avgifter, som skal ha forfall 30. april.

Kommunen ber om orsaking for at leverandørskiftet har ført til dette krøllet.


Sist oppdatert: 02.05.2019
Publisert: 26.04.2019