HjemNyheterRestskatt eller pengar tilbake?

Restskatt eller pengar tilbake?

 

PengarDei første skatteoppgjera var klare 20. juni. Så tok utsendingane pause over sommaren, til det vert løpande oppgjer frå 15. august til 23. oktober.

Seinare skatteoppgjer kan komma av at du leverte skattemeldinga på papir, er næringsdrivande eller gift med ein næringsdrivande, har søkt om utsetjing på leveringa, eller er tatt ut til tilfeldig kontroll. 

Les meir om skatteoppgjeret på Skatteetaten sine nettsider.

Eit førebels oversyn frå Skatteetaten viser at for Austrheim så vil 1.556 skattytarar få tilbake i alt 18.304.338 kroner, eller 11.764 kroner til kvar om det skulle vera likt fordelt. For dei som har fått restskatt gjeld dette 549 skattytarar, som til saman skal betala 8.944.791 kroner. Det er 16.293 kroner på kvar om det skulle vera likt fordelt, men det er det nok ikkje for korkje restskatt eller pengar til gode.

Når skatteoppgjeret er klart får elektroniske brukarar varsel via e-post eller SMS. Skatteetaten kan ikkje gje konkret dato for når dei som no ventar får oppgjeret sitt.


Sist oppdatert: 22.07.2019
Publisert: 22.07.2019