HjemNyheterRedusert vasstrykk måndag 27. og tysdag 28. november

Redusert vasstrykk måndag 27. og tysdag 28. november

Måndag 27. og tysdag 28. november skal det jobbast vidare med den nye vassleidningen frå Åråsvågen og opp til Åråsfeltet. Dette kan gje redusert trykk for abonnentar vest i kommunen.
Publisert: 24.11.2023
Sist endra: 24.11.2023

Vasstilførselen til vasstårnet på Årås er planlagt stengt frå klokka 08.30 til 16.00 desse to dagane. Abonnentar vest for Åråsvågen vil ha vatn i krana, men trykket kan bli redusert for enkelte.

Såframt ikkje forbruket er uvanleg høgt, skal vasstårnet ha kapasitet til å forsyna alle i området i desse tidsperiodane. 

Den nye vassleidningen er lagt i traseen for den nye gangvegen frå Åråsvågen til Åråsfeltet, så når begge deler er ferdigstilt har folk i feltet fått både betre gangveg og sikrare vassforsyning. Utbetringa av vassleidningen vil også tena andre abonnentar på det kommunale vassnettet.