HjemNyheterRedusert framkomst på fv. 57 Gymnasbakken

Redusert framkomst på fv. 57 Gymnasbakken

Vestland fylkeskommune vil frå onsdag 6. oktober starta på reinsking og sikring av skjering langs fylkesvegen i Gymnasbakken.
Arbeidet vil gå føre seg på dagtid, då det vil kome ein del støy frå borearbeidet.
  • Eit kortare strekk i eine felt inn mot skjering blir stengt frå kl. 08.30-15.00.
  • I rushtida mellom 15:00-17:00 vil vegen vera heilt open.
  • Frå klokka 17.00-21.00 kan vegen bli heilt stengt inntil 30 minutt. Utrykkingskøyretøy og buss i rute får passere.
Sikringsarbeidet vil gå over 3-4 veker. Det blir manuell dirigering på staden.
For oppdatert trafikkinformasjon sjekk 175.no
Kart fylkesveg 57

Sist oppdatert: 29.09.2021
Publisert: 29.09.2021