HjemNyheterRådmann Liv Løvvik har gått bort

Rådmann Liv Løvvik har gått bort

Løvvik har levd med ein alvorleg kreftdiagnose dei siste åra, men har parallelt med behandling stått i arbeid heilt fram til fredag 22. januar.

Så kom meldinga i dag tidleg om at Løvvik hadde gått bort i natt.

 

- Me lyser fred over hennar minne, og at våre tankar går til hennar familie og alle som stod henne nær, seier ordførar Per Lerøy. 

Lerøy legg til at Løvvik brann for Austrheim kommune, og den oppgåva ho hadde her.

- Ho var glødande interessert i å få organisasjonen til å fungera slik ho hadde tenkt.

 

Liv Løvvik hadde sin første arbeidsdag i Austrheim 10. oktober 2018. Ho fekk beskjed om diagnosen kort tid etter.

Sidan det var Løvvik gjennom omfattande behandling, men utan at ein lukkast med å få vekk kreften.

 

Det vert lagt ut ein kondolanseprotokoll i Servicekontoret på kommunehuset.

 

Assisterande rådmann Bjørnar Fjellhaug er konstituert som rådmann inntil vidare.


Sist oppdatert: 05.02.2021
Publisert: 05.02.2021